Lokal | 01. mars 2015

Mistenkt for piratverksemd

Politiet heldt i natt auge med ein ung bilførar som såg ut til å driva som piratdrosje.

Mistenkt for piratverksemd
Os Taxi er ikkje dei einaste som driv drosjeverksemd i Os. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2015 08:45

Det har vore ei helg prega av trafikk for politiet som har vore på vakt i Os.

Fredag og natt til laurdag blei to tatt mistenkt for kjøring i rus, også laurdag var det i hovudsak snakk om oppdrag i trafikken.

Ung mann mistenkt for piratkjøring

Klokka 04.30 er oppdraget loggført. I forkant hadde politiet stoppa ein 19 år gamal gut som dei hadde følgt med på gjennom natta.

– Han nekta for å ha drive piratdrosje og sa at han berre hadde kjørt på venar, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

Guten kjørte ein fin bil, men det var ingen pappabil, han eig den sjølv. Det var ikkje passasjerar i bilen då han blei stoppa.

– Det blei med ei muntleg åtvaring i denne runden, men han veit at vi kjem til å følgja med han i helgene framover, seier Rastad.

Avskilting etter feil lysbruk

Politiet har også stoppa ein del bilførarar i natt grunna feil lysbruk. Ein av dei fekk forenkla forelegg og mista skilta på bilen sin.

På Halhjemsvegen frå cirka 21.30 til 22.30 hadde politiet trafikkontroll. Der blei det skrive ut eit gebyr til ein som ikkje hadde med seg førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.