Lokal | 19. mars 2018

– Misvisande om Osfest

Tor Egil Hylland stiller seg undrande til det han kaller «forvirrande bygdesladder» frå formannskapsmedlem Nøttseter.

– Misvisande om Osfest
Tor Egil Hylland, her under rigging av 2017-festivalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. mars 2018 09:41

* Hylland har fått koma med svar i form av intervju, ikkje eit lesarinnlegg. Normalt, sidan dette er ei redaksjonell sak og ikkje eit innlegg, ville Nøttseter fått høve til å svara i same sak, men han er ikkje kontakta før publisering. Innlegget frå Nøttseter var fyldig og har stått ubesvart i nesten to døgn. Tida var knapp fram til møtet i formannskapet, og det var viktig for festivalleiinga å få sjanse til å svara. No har begge partar fått uttalt seg «kvar for seg». Saka blir følgd opp seinare, då med samtidig respons frå begge partar.

Bakgrunn: Osfest-arrangørane har søkt Os kommune om 500.000 kroner i støtte til årets festival, tilsvarande sum som i 2016, og ein fast plass på kulturbudsjettet. I fjor fekk dei 250.000 kroner. Søknaden skal behandlast i Os formannskap i morgon, tysdag.

I lesarinnlegget «Osfest er død, leve Osfest?», publisert på Midtsiden laurdag, skriv kommunestyre- og formannskapsrepresentant Nils-Anders Nøttseter (MDG) at han er kritisk til måten det har blitt delt ut pengar til Osfest i fortida, og at han må vurdera om han har tillit til at organisasjonen skal få stønad vidare.

– Eg forstår at det i samband med både konkurs og oppretting av nye selskap kan vera uoversikteleg og grunn til å følgja nøye med. Men om du skal meina noko om prosessen og selskapa, så bør du veta at du har kontroll før du uttaler deg, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

– Innlegget til Nøttseter består i stor grad av faktafeil og misforståingar. Når han i tillegg kjem med utsagn som «om dette var med på å redusera risiko for Osfest AS og kreditorane eller å halda inntektar unna, det er vanskeleg å seie» synest eg han spekulerer, på urettvis måte sår tvil om vårt arbeid. Dette synest eg er å gå over streken.

– Vi har jobba knallhardt for at kvar einaste kreditor skulle få dekka så mykje som mogleg av det Osfest 2016 skulda, og alle fekk minst 50 prosent. Mange fekk meir, gjerne 50 prosent av eit lite restbeløp. Vi har dessutan vore opne og ryddige i alt vi har gjort, med dialog med kreditorane, og med føring av rekneskap og revisjon. Å seia at dette minnar om «triksing og miksing» er direkte ufint, slike prosessar blir køyrde etter lovar og reglar.

– Alt er gjort etter boka, alle rekningar frå 2017-festivalen er betalt og største kreditor etter Osfest-konkursen er Os Live AS, med over 600.000 kroner, seier festivalsjef Tor Egil Hylland, som også privat hadde utlegg han ikkje fekk dekka.

Ansvarleg?

Han stiller seg kritisk til at eit medlem i Os formannskap kan skriva så mykje, så detaljert og kritisk, utan å setja seg skikkeleg inn i ting.

– Han startar sitt eige innlegg med «eg som politikar med ansvar for å forvalta fellesskapen sine ressursar må vurdera om eg har tillit til at organisasjonen skal få stønad vidare». Eg meiner han òg har ansvar for å presentera sakene korrekt når han ytrar synspunkta sine.

– Det han i staden serverer er både fullt av faktafeil, misforstått og med fleire spekulasjonar - noko vi på folkemunne kan kalla bygdesladder. Velskrive sladder, rett nok, men ikkje noko anna enn sladder likevel.

– Eg synest det er skuffande at ein folkevalt opptrer på denne måten, folk bør kunna ha lit til at sentrale politikarar i det minste set seg inn i ting dei uttaler seg så bestemt om. I staden trør han på lokalt kultur- og næringsliv, på lokale eldsjeler som jobbar hardt for å skapa opplevingar for innbyggarane i bygda.

Konsekvensen kan bli avgjerande for festivalen si framtid.

– Dette handlar ikkje berre om den politiske oppslutnaden om søknad om støtte frå Os kommune, men om festivalen sitt omdømme og forhold til sponsorar. Vi visste godt at det einaste vi kjøpte då bostyrar spurde om vi ville ha konkursbuet var «nokre refleksvestar og eit dårleg rykte». No vil uinformerte politikarar gjera det verre.

Musikk og servering i to selskap

Osfest AS gjekk som kjent med stort underskot i 2016. Os Live AS, som var oppretta for å laga andre arrangement året gjennom, kjøpte buet då Osfest etter 2017-festivalen blei slått konkurs.

– Bustyrar tok kontakt og ville selja buet til oss. Han spurde òg om ikkje vi ville halda på domenet. Å driva ein festival frå eit firma med eit anna namn er heilt normalt. Det gjeld òg i andre bransjar, frå daglegvare til industri. Vi endra namn på Osfest AS rett før den uungåelege konkursen, men organisasjonsnummeret, som er det juridiske namnet, var framleis like søkbart.

– Os Live skal halda fram med å laga andre arrangement, og skal stå for mat og drikke under Osfest, mens det er Konsert og Festivaldrift AS som står for det musikalske, booking og billettsal, og som no står som søkjar.

– Så det er rett at sal av mat og drikke er fasa ut frå festivalarrangør og frå selskapet som søker om støtte; Konsert og Festivaldrift AS, til Os Live AS?

– Ja, det er rett. Det er fleire festivalar som har samarbeid med eksterne, eller som skil drifta på tilsvarande måte. Dei fleste kulturhus gjer det, på same måte som Oseana, der er det eit anna selskap som driv med servering. Oseana får likevel støtte av Os kommune.

– Men eg undrast over kvar Nøttseter har det frå at dette er eit forretningsområde med låg risiko og høgt inntektspotensiale. Det er rett at vi får levert tilbake drikke som ikkje blir selt, men omsetnaden har variert mykje og er vanskeleg å budsjettera med.

– Og når det kjem til mat har risikoen vist seg å vera høgare. For det første er det ikkje alt du kan frysa ned og spara til for eksempel nyttårsarrangementet, for det andre har vi hatt tap også når det kjem til fryste varer. Dette har vore grunna uheldig straumbrot.

I rekordåret 2015 blei det selt billettar for cirka 2,5 millionar og mat og drikke for 1 million. Året etter var billettsalet 1,9 mill utan Marcus og Martinus (dagtid) mens mat og drikke var nede i under 700.000 kroner. I 2017 blei nest beste på servering med 864.000 i mat og drikke.

Alt av sponsorinntekter, som årleg har lagt på rundt éin million, går direkte til festivalarrangør Konsert og Festivaldrift AS. Så og seia alle musikarane har fått betalt før dei går på scenen.

Os Live AS har står for leige av utstyr som kassaapparat, telt og toalett, store kostnadar som reduserer risiko for festivalarrangøren.

Har fire eigarar

– Nøttseter skriv at Os Live AS er eigd av deg åleine, og at selskapet ikkje er eit non profit-selskap. Stemmer det?

– Også dette er feil. Os Live AS har fire eigarar, Hylland Invest AS, Jan Kristian Rokne, Jan Vidar Alnes og Øyvind Blindheim. Aksjonærregisteret blir, som mange sikkert veit, ikkje oppdatert før i mai.

– Festivalarrangør og søkjar Konsert og Festivaldrift AS er eit dotterselskap, og dette er eit non profit-selskap. Det er ikkje selskapsform, men vedtektene som seier om selskapet er non profit eller ikkje.

– Men Os Live AS er ikkje eit non profit-selskap?

– Nei. Men med Os Live AS som morselskap har Osfest-arrangør Konsert og Festivaldrift AS er det rom for konsernoverføring, slik vi gjorde for at alle skulle få betalt etter 2017-festivalen før det blei begjørt oppbod på Osfest AS. Os Live kan fungera som ein garantist, ein kommersiell eigar som for eksempel kan ta opp lån, og som kan skaffa inntekter frå andre arrangement til å finansiera festivalen om det er år det kniper.

– Er det sagt noko i vedtektene til Os Live AS om honorar til styremedlem eller festivaladministrasjon?

– Nei. Det er naturleg å honorera ein administrasjon, fleire festivalar har òg eigne faste tilsette, det er mykje jobb året gjennom for å laga festival. Til no har det berre vore tatt ut honorar éin gong, og det var frå Osfest AS i 2015. Os Live AS skal vera solid før det igjen blir rom for honorar til administrasjon.

Samarbeid med næringslivet i sentrum

Nøttseter skriv vidare i sitt innlegg: «Ein søkjar skal sjølvsagt vera frampå og positiv i ein søknad, men eg er uroa for at ein ikkje tar seriøst det dårlege samarbeidet med næringslivet elles i sentrum.»

Hylland på kvar Nøttseter har dette frå.

– Vi har eit godt samarbeid med mange firma i Os, ikkje minst i Os sentrum. Peppes Pizza har vore med som samarbeidspartnar kvart år sidan start, i fjor var også Engeline og Capri med. Solsiden og iSushi, då dei var i drift, var òg viktige samarbeidspartnarar.

Festivalsjefen nemner «folkevandringa» som gjorde laurdagen 2017 til ein suksess er eit tydeleg teikn på at Osfest har skapt inntekter til fleire i sentrum. Mange av dei som utgjorde den store folkemengda som kom feststemte til festivalområdet litt før klokka 21 hadde vore i Os sentrum på middag eller vorspiel før dei kom til grusbanen.

– Det varierer i kva grad Os Sentrumsforening engasjerer seg rundt at dette er ei livleg helg nesten heilt i sentrumskjerna, men eg opplever leiar William Lindborg som ein positiv og god samtalepartnar. Vi skal dessutan ha fleire arrangement i løpet av året, som det nye i Vognhallen i juni, og dette har vi nyleg hatt ein fin dialog rundt.

– Opp gjennom åra har eg engasjert meg i ei rekkje festivalar, som WT Filmfestival, Skulptursymposiet og Osøren Blues & Jazzfestival, i hovudsak som sponsor, i Osøren òg som styremedlem. Alle har fått god støtte frå Os kommune, og sjølv om det har vore debatt så kan eg ikkje hugsa at nokon har uglesett eit kulturarrangement på den måten som Nøttseter no gjer. Eg undrast over motivet og håper at hans misforståtte syn ikkje er smittsamt.

– Vi prøver å gje noko tilbake til osingane, både i musikkopplevingar og med festivalområdet som ein god møtestad, med fri entré for dei under 13 år. Den eksklusive, rosemålte miniatyren av oselvaren har vi stilt ut gratis på Luranetunet.

– Vi har gjort alt så ryddig og transparent som mogleg for dei fagfolka som skal vurdera arbeidet vårt, og har no klart å få festivalen opp i kneståande etter det svake året 2016. 2017 viste at vi er på rett veg, og vi ligg no éin månad framfor fjoråret i billettsal til Osfest 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.