Næringsliv | 25. aug. 2016

– Mitt første restaurantprosjekt

I fjor gav ho ut årets kokebok saman med kjendiskokk Kjartan Skjelde. Kvifor og korleis vil Berit Nordstrand involvera seg i ein restaurant på Os?

– Mitt første restaurantprosjekt
Berit Nordstrand involverer seg i restaurantprosjekt på Os. (Pressefoto, beritnordstrand.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2016 08:27

Tysdag morgon blei det kjent at Os kommune si prosjektgruppe vil ha Havnechefen AS som leigetakar i det komande torgbygget «Osroso» i Os sentrum, og at Havnechefen ikkje berre har fått ny medeigar, men har med seg den kjente ernæringseksperten og legen Berit Nordstrand på laget.

Nordstrand og manager Vegard Støten, kjent frå Team Northug, skal jobba tett med Havnechefen både før og etter opning i glasbygget. Bygget er venta å stå ferdig i desember i år.

Ser fram til å få maten ut til folket

Den populære matbloggaren og foredragshaldaren har jobba med kokkar før. I fjor kom boka «Verdens beste familiekokebok», som Berit gav ut saman med meisterkokk Kjartan Skjelde. NRK skildra denne som årets kokebok 2015.

– Eg har jobba med kokkar før, men dette er første gong eg involverer meg i eit restaurantprosjekt.

– Det er veldig spennande! Her skal vi ikkje berre forma oppskrifter, vi skal laga ein meny, rettane skal lagast, maten skal ut til folket, seier Berit til Midtsiden.

Filosoferte med Frank

«Det er berre éin ting som er betre enn smør, og det er meire smør» seier ein annan kjendiskokk, Arne Brimi. Korleis stemmer dette med Nordstrand sitt helserelaterte utgangspunkt?

– Smør løftar ikkje berre smaken, det kan betra opptaket av næringsstoff i ulike rettar. Smør er ein helsemessig viktig ingrediens i for eksempel gulrotpuré, og då eg sa dette trur eg Frank blei happy, for han liker tydelegvis ikkje denne pureen like godt utan smør, seier Berit og ler.

Smør og fløyte blei på sett og vis Berit og Havnechefen-kokken sin fellesnemnar. Fløyte i sausen er bra for proteinopptaket i kjøttet eller fisken du et sausen til, ifølgje Nordstrand.

– Vi møttest første gong etter eit foredrag eg hadde hatt og forsto raskt at vi tenkjer veldig likt. Frank er først og fremst opptatt av, og flink til, å få fram smaken. Men det var kjekt å oppleva kor fokusert han er på helsemessig gevinst av reine råvarer, utan at han er ein som tel kaloriar.

Deler idear og oppskrifter

I månadane som kjem fram til opning vil Nordstrand og Støten involvera seg i alt frå menyen til interiøret. Samtidig vil dei planlegga både foredrag i Oseana og formidling av kunnskap til osingane.

– Vi vil dela ut oppskrifter og selja enkelte råvarer i restauranten, så folk kan gå heim og laga same maten, og andre rettar, sjølv.

Trass fokus på det smarte og sunne lover ho at verken det søte eller det saftige blir sortert vekk.

– Her blir det både kjøt, fisk, salatar og dessertar. Dessertane er gode, men laga sånn at det er sunnare å eta den enn å stå over desserten, den skal vera med på gjera måltidet komplett.

Det skal òg lagast ein spennande barnemeny. Berit har tidlegare, ved sidan av familiekokeboka, forma meny for ein stor barnehagekjede.

– Eg håper det er mange livsnytarar i Os! Osingane skal bli det sprekaste folkeslaget i Noreg! seier Berit, som samtidig takkar ordførar Søviknes og resten av prosjektgruppa for at dei er opne for desse ideane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.