Sport | 21. juli 2016

Moberg i møte med Sogndal i dag

– Eg er ikkje overraska over at det kjem interesse for Vegard, seier agenten Daniel Steinfeld.

Moberg i møte med Sogndal i dag
Kaptein Vegard Leikvoll Moberg skal i møte med Sogndal i dag. (Arkivbilde, foto: Wim Hetland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2016 07:13

Tippeliga-klubben Sogndal viser interesse for Åsane-kapteinen Vegard Leikvoll Moberg frå Os.

– Eg er i Sogndal no, fortel Vegard, og viser oss vidare til agent Daniel Steinfeld for kommentar.

– Dei virker svært interessert

Steinfeld seier den konkrete henvendelsen frå Sogndal kom onsdag morgon.

– Det skjedde brått, men sånn er det ofte i fotball. Det ser ut som om klubben vil jobba hardt for å få Vegard signert.

Onsdag reiste dei to til saftbygda, torsdag skal dei i møte med leiinga i klubben.

Kan erstatta Sarr

Sportssjef i Sogndal, Håvard Flo sa til BT i går at Moberg kan bli aktuell i same posisjon som Babaca Sarr, som klubben nyleg selte til Molde.

– Dei to har ein del likhetstrekk. Eirik Bakke liker Moberg veldig godt. Vi håper dette kan gå i orden, sa Flo til BT.

Vegard blei kaptein på Åsane før årets sesong.

– Må ønskja det sjølv

Steinfeld er ikkje overraska over at det kjem interesse frå Tippeligaen for Leikvoll Moberg.

– Han har prestert svært godt i OBOS-ligaen, og han har prestert over tid. No er han på utgåande kontrakt og då har han, etter 1. juli, lov å snakka med andre klubbar.

Vegard gjekk frå Os til Åsane i forkant av 2011-sesongen, etter at Os rykte ned frå 2. divisjon hausten 2010.

– Kva han sjølv vil er naturlegvis avgjerande, og det kan vera tungt å gå frå Åsane. Samtidig er dette eit steg opp, både å bli proffspelar på heiltid og å spela i Tippeligaen har lenge vore draumen hans.

– Men først skal vi i samtalar med Sogndal, så følgjer det eventuelt ein dialog mellom klubbane.

Ein forlenga noregsferie

Vegard runda av vårsesongen med å tapa for tidlegare lagkamerat Mats Cato Moldskred. Kongsvinger vann 2-0 over Åsane søndag 10. juli og Moldskred skåra begge måla.

– Før kampen hadde eg avtalt å sjå EM-finalen hos Mats Cato, for så å overnatta hos han og sitja på med han heim til Os.

– Men for dei som kjenner Mats så forstår dei at planar brått kan endrast. Vi såg finalen saman, men Mats skulle til Sørlandet i staden for Os, fortel Vegard og ler.

Då blei det ein tur og helsa på fleire tidlegare lagkamaretar, innom Oslo og helsa på Børge Borgen og til Sarpsborg for å helsa på Jacob Glesnes før noregsferien til Leik gjekk vidare til Kristiansand, der han møtte familie på ferie.

– No fekk eg ein tur til Sogndal òg. Eg har vore her før, på Lerum Cup som lilleputt, fortel Leik onsdag kveld.

Sogndal ligg på 9. plass i Tippeligaen, Åsane ligg på 6. plass i OBOS-ligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.