Mobergslia stengt etter ras og rotvelt
Vegen blei stengt for både bilistar og fotgjengarar. OPPDATERT: Vegen er no opna igjen.
Bildeserie:
Torsdag i 14.30-tida fekk teknisk eining i Os kommune melding om ras i Mobergslia.
– I tillegg til raset ligg eit rotvelta tre over nokre leidningar. Både ein geolog og BKK er på veg til staden, seier avdelingsleiar for teknisk drift og samferdsle i Os kommune, Terje Myking.
Teknisk drift er på staden, men fjerning av steinen er ikkje einaste utfordring.
– Treet må fjernast og området må sikrast. Sånn situasjonen er no så er vegen stengt for både bilistar og fotgjengarar, folk bør ikkje gå forbi rasstaden.
– Kva med dei som bur på Mobergslia?
– Dei må setja frå seg bilen og gå, men ikkje forbi raset, seier Myking.
Midtsiden kjenner ikkje til kva som er alternativ veg eller sti, bortsett frå traktorvegen over Liafjellstunnelen som blir brukt som turveg mot varden på Liafjellet.
OPPDATERT klokka 15.58: Vegen er no opna igjen!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.