Lokal | 12. sep. 2017

Mobil VM-billett på bussen

Men berre om du køyrer shuttlebussane som skal gå direkte frå Osøyro til Bergen busstasjon. Til helga startar sykkel-VM.

Mobil VM-billett på bussen
Shuttlebussane vil vera turbussar og ikkje dekorert i Skyss sine fargar (ill.foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 12. sep. 2017 07:30

I nesten to år har Skyss planlagt kollektivtransporten under sykkel-VM i Bergen. Blant anna vil dei sette opp shuttlebuss direkte frå Os til Bergen.

– Desse kjem i tillegg til den vanlege busstrafikken. Dei vil ha avgang kvart 20. minutt og køyrer direkte utan stopp undervegs. Dei går mellom 06 og 21 på kvardagar og 12 og 24 på søndagar, fortel Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss.

VM-periodebillett

Skyttelbussane er innleigde turbussar som ikkje køyrer med Skyss-profil.

– Dei køyrer også utan billettsystem om bord. Kundane må difor kjøpe billett på førehand. På shuttlebussane kan ein bruke VM-periodebillettene som vi tilbyr. Dei er tilgjengelege i mobilappen Skyss Billett.

– Til vanleg kan kundane ikkje reise heilt til Os med mobilbillett, men VM-billetten gjeld altså på shuttlebussane. Den gjeld ikkje på dei ordinære bussane, forklarar Dreyer.

VM-billettane gjeld anten første eller siste VM-helg eller for heile sykkel-VM, som går frå 16. til 24. september.

Varierar når vegen er stengd

På E39 Fjøsangervegen blir eitt køyrefelt i kvar retning mellom Krambua og Danmarksplass reservert for buss og taxi under heile VM. Dette feltet vil ikkje vera tilgjengeleg for el-bilar.

– Det vil vera mange variasjonar gjennom døgnet og mellom dagane i VM-uka når det gjeld stengingar i vegnettet. Det vil også gjelda for busstilbodet. Alle som skal reisa kollektivt bør difor sjekka ruteinformasjonen nøye kvar gang dei skal reise, avsluttar Dreyer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.