Lokal | 11. jan. 2017

Mobiliserer mot bru

E39 Stord - Os: Motstandarane mot bru over Bjørnafjorden mobiliserer med underskriftskampanje på nettet og fakkeltog før kommunestyremøtet.

Mobiliserer mot bru
Over 500 møtte i fakkeltoget då folkeaksjonen arrangerte protestmarsjen i januar 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 11. jan. 2017 09:16

Tysdag kveld blei underskriftskampanjen «Nei til bru over Bjørnafjorden!» sparka i gang. Ei kampanje som no går viralt gjennom facebook og som i skrivande stund har fått 829 underskrifter.

«Til: Os kommune

Sentrale myndigheter er i ferd med å rasere naturen i Søre Øyane, og mange lokale politikere her i Os står berre passivt og ser på.

Torsdag 12. januar skal kommunestyret i Os behandle eit høringsforslag frå Statens vegvesen til trasevalg for brua over Bjørnefjorden med forslag om ilandføring i Søre Øyane.

Folket må stå samla, og kjempe mot bru, stå samla for å bevare naturperla Kobbavågen, stå samla for å sikre at dei som kjem etter oss kan få nyte den sjeleroa, stillheten, og unike naturopplevingane ein finn i Kobbavågen.

Signer og sei NEI til bru!», skriv initiativtakar Kristine Kvinge i oppropet på underskrift.no.

I tillegg til oppropet deler no Øya-folket bileter av Kobbavågen og fjorden gjennom å oppdatera forsidebilda sine på facebook, som ein protest mot planane.

Fakkeltog rundt rådhuset

I januar 2016, skipa folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden til fakkeltog frå Rådhuset til Oseana, kor kommunen den gangen heldt møte om planene for E39. Over 500 møtte den gangen. No blir det nytt fakkeltog mot brua. Klokka 16.15 er motstandarar og sympatisørar invitert til å møta opp ved vognhallen for å markera si motstand. Toget vil gå får vognhallen, forbi Essoen, bussterminalen og rundt rådhuset til inngangen av kommunehuset før kommunestyremøtet torsdag.

– Initiativet denne gongen kjem ikkje frå folkeaksjonen, men frå den unge engasjerte foreldregenerasjonen i Øyane. Det er enormt bra at folk vaknar no, sjølv om nokre kanskje påstår at det er litt seint, men det er ikkje køyrt.

– Folk må ikkje tvila på at vi har eit lokaldemokrati og at det nyttar å engasjere seg. Det er utruleg kva vi klarer få til med lokalt engasjement. Det første spadetaket er ikkje tatt, poengterer Geir Magne Johnsen Moberg, leiar av folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, som sjølv trur han skal rekka å nå fakkeltoget trass hektisk jobb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.