Kultur | 18. okt. 2014

Moderne kommunikasjon?

Det er ikkje lett å vera opposisjonspolitikar i ungdomshuset på Haugland, særleg ikkje om du er glad i twitter og det er tid for revy!

Moderne kommunikasjon?
Kva form for kommunikasjon er OK under eit kommunestyre? (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. okt. 2014 07:18

Bildeserie:

Jakten på kjærligheten. (Foto: KVB)
Jakten på kjærligheten. (Foto: KVB)
Å bestilla mat på Os. (Foto: KVB)
Å bestilla mat på Os. (Foto: KVB)
Blir det thaimat i kveld? (Foto: KVB)
Blir det thaimat i kveld? (Foto: KVB)
Duppedingsa som ikkje fungerer ... (Foto: KVB)
Duppedingsa som ikkje fungerer ... (Foto: KVB)
Bussjåfør Olsen med sin ABC. (Foto: KVB)
Bussjåfør Olsen med sin ABC. (Foto: KVB)
Det er ikkje enkelt å ta ferje når turen er så kort. (Foto: KVB)
Det er ikkje enkelt å ta ferje når turen er så kort. (Foto: KVB)
Korleis skal dette gå? (Foto: KVB)
Korleis skal dette gå? (Foto: KVB)
Hallgeir står for musikken under revyen, men ikkje på dansen etterpå. (Foto: KVB)
Hallgeir står for musikken under revyen, men ikkje på dansen etterpå. (Foto: KVB)
1 av 8
Jakten på kjærligheten. (Foto: KVB)
Å bestilla mat på Os. (Foto: KVB)
Blir det thaimat i kveld? (Foto: KVB)
Duppedingsa som ikkje fungerer ... (Foto: KVB)
Bussjåfør Olsen med sin ABC. (Foto: KVB)
Det er ikkje enkelt å ta ferje når turen er så kort. (Foto: KVB)
Korleis skal dette gå? (Foto: KVB)
Hallgeir står for musikken under revyen, men ikkje på dansen etterpå. (Foto: KVB)

I kveld er det premiere på teatergruppa i Søre Neset ungdomslag sin revy «Nu går det på stumpene».

– Vi er same gjeng som i fjor, bortsett frå Nina, som har tatt seg ein pause, fortel Runar Drønen.

– Men i år har Johny skrive endå fleire tekstar, seier Runar, som står for størstedelen av tekstarbeidet.

Planlegginga til årets revy var ferdig i sommar, øvinga starta i august.

– Det blei litt oppstykka, med fleire involverte som har vore på reise. Men no e' vi i mål og klar for premiere.

Den skumle generalprøven

Midtsiden fekk med seg siste halvdel av generalprøven torsdag kveld.

– Generalprøvar er det skumlaste. Du har publikum, så du blir litt nervøs.

– Men dei er få og dei er edru, så det blir ikkje heilt den same responsen som når det er full revy.

Torsdag kveld var det få billettar igjen til premieren, men om det i dag er utselt får du nye sjansar fredag og laurdag neste helg.

– I år har vi berre livemusikk og dans om laurdagane, på premieren med Funky Butts (Leif Østrem, Olav Skorpen, Trond Pedersen og Magne Lunde), neste laurdag speler Johny Olsen med band.

– Fredagen har vi pubkveld med DJ, om nokon vil ha fest etter revyen også denne kvelden.

Fin respons på fleire stykke

Sjølv om det berre var 15-20 på generalprøven var det mange nok til at latteren runga gjennom Nesjaheim.

– På siste stykket før pause, då vi var hiphop-gruppa frå Lysefjorden, var det sånn respons at eg følte eg var på premieren, det var skikkeleg godt å stå på scenen, fortel Runar.

I andre akt fekk vi blant anna sjå eit forsøk på å bestilla take-away på Os, med dei språkproblema som høyrer med, mammaguten frå Austevoll som bur på hybel i Os og høyra ein song som handlar om lyst, eller var det behov?

Johnyer tilbake som bussjåfør og sin ABC på korleis du lettare kan forstå bussrutene og vi får dessutan sjå ei bergensfrue på fusaferjo, som synest turen er for knapp til å rekka det ho vil, og kva som følgjer med om du kjøper ein dyr nok bil.

Take away kan du gle deg ekstra til, det kan du òg til avslutningsnummeret, som er på kjent melodi og koreografi, men med Johny sin tekst og Linda Nytræ si flotte røyst.

Hallgeir Forstrønen Bjørnevik akkompagnerer på piano, på scenen ser du desse:
Karianne Sætre, Camilla Haugland, Lise-Marlen Scheie, Kristine Tikkanen, Runar Drønen, Jan Helge Kordts, Linda Nytræ, Johny Olsen og John Arve Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.