Sport | 08. mai 2017

Mohn med 2 millionar til banen

«Goddag minister. Støtter Nore Neset med 2 millioner. Please gi meg kontonummeret» var SMS-en Terje Søviknes fekk frå Trond Mohn.

Mohn med 2 millionar til banen
Terje Søviknes kunne måndag komma med gladnyheten om at Trond Mohn gir 2 millionar til banen og anlegget på Nore Neset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 08. mai 2017 17:58

Bildeserie:

Ringmuren er klar, no blir det garderober og allrom på Nore Neset (arkivfoto: AH)
Ringmuren er klar, no blir det garderober og allrom på Nore Neset (arkivfoto: AH)
1 av 1
Ringmuren er klar, no blir det garderober og allrom på Nore Neset (arkivfoto: AH)

Den nye banen på Nore Neset er ferdig, men for å få anlegget heilt ferdig mangla dei framleis pengar. Det gjorde at Terje Søviknes kom på banen igjen, sjølv om han ikkje lenger er ordførar i Os.

– Eg har jo litt fritid som minister og har halde kontakt med Egil Krukhaug og Eirik André Hesthamar også etter at eg flytta til Oslo. Dei har fortalt om det fantastisk flotte anlegget de har fått her ute, men òg at det har vore utfordring med å få fullfinansiert det, innleia Søviknes til unge gutar og jenter på fotballtrening måndag ettermiddag.

Tok ny kontakt med Mohn

Som ordførar hadde han hatt kontakt med Trond Mohn, som mellom anna tidlegare har gitt 10 millionar til sentralidrettsanlegget, 2 millionar til friplassen på Søfteland og betydeleg beløp til oppgraderinga av idrettsparken i Lysefjorden.

– Vi spurte han i fjor også, men då var det ikkje aktuelt. No tok eg ein ny telefon til han og fortalte at anlegget no sto ferdig, men at det mangla noko på finansieringa. Han ba idrettslaget om å senda ein ny søknad.

Berre tre som viste

Egil Krukhaug, Eirik André Hesthamar, Jan Erik Døsen i idrettslaget sitt styre blei kontakta og utforma søknaden som blei sendt til Mohn.

– Det var for to veker sidan. Torsdag i førre veke fekk eg denne tekstmeldinga frå Trond Mohn, sa Søviknes og las «Goddag minister. Støtter Nore Neset med 2 millionar. Please gi meg kontonummeret».

– Då eg snakka med han like etterpå fortalde han at det går til eit godt formål og bidreg til at barn og unge kan vera i aktivitet. Det er den beste forebygginga vi kan drive med understreka han.

– Dette er ei gåve til dokke frå onkel Trond, sa Søviknes til jubel frå unge og vaksne i Nore Neset idrettslag.

– Utruleg glade

Med dei to millionane frå Mohn manglar no idrettslaget berre 500 000 kroner til å fullfinansiere banen, garderobene og det nye allrommet.

– Det skal vi klara. No går vi i gang med ein gong, smilte Egil Krukhaug, styreleiar i Nore Neset IL.

– Kva tenkjer de over gåva frå Trond Mohn?

– Vi er sjølvsagt utruleg glade, letta og takknemlege. Vi kunne ha løyst det med å ikkje bygge garderobebygget og berre la ringmuren stå, men det hadde vore stusselig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.