
Cato Moldskred (t.v.) kom i fjor å banen for å assistera Rune Balland. Balland har gått til gutelaget og Moldskred tar damene vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Moldskred blir hovudtrenar
I haust blei det klart at juniortrenar Tim Henrik Sperrevik overtok A-laget på herresida etter Øyvind Steffensen, og at Bjørn Mjelva heldt fram med gutelagat, saman med Rune Balland, som har hatt damelaget den siste tida.
No har Os Turn endeleg fått på plass ny trenar for damelaget.
– Cato Moldskred har gjort ein god innsats for fleire fotballag over lang tid, så vi ville venta med å spørja han, i tilfelle han meinte han hadde gjort nok. Men no var det på tide å få nokon til å overta etter Balland, og vi er veldig glad for at Cato sa ja, seier sportsleg leiar i Os Turn, Roald Stigen.
Lang fartstid som spelar og trenar
Moldskred har blant anna spelt på Os sitt A-lag då Os spelte i toppserien på 70-talet, vore talentutviklar i Fana, trent A-laget til Søre Neset og vore med som trenar for Os sitt jentelag då dei var blant dei aller beste jentelaga i Noreg.
– Det var nokre fine årgangar det, som både vann uoffisielt NM og gjorde det skarpt i både serien og Norway Cup, minnest Cato.
Det siste året har han vore med som assistent på damelaget til Os, der også dottera Malin trener. Moldskred har også tre andre ungar, blant dei Mats Cato Moldskred, som nyleg spelte for Bryne.
– Heldigvis er Nøss med vidare
Kven Moldskred får med seg som assistenttrenar for damelaget er uvisst, men oppmann Tore Nøss er med vidare.
– Utan han hadde det ikkje gått. Tore gjer ein fatastisk jobb og er veldig godt likt. Han betyr utruleg mykje for laget.
– Ikkje speler dottera hans fotball lenger heller, det er ikkje mange igjen av sånne eldsjeler, seier Cato.
Styrkar stallen
Damelaget til Os hadde ein god sesong i 2011, låg på 2. plass på tabellen til sommaren og spelte toppa haustavdeling, der dei kom på 6. plass av 10 lag.
– Vi har ein stall på rundt 20 jenter, eg håper vi held på alle.
– Vi har vore i dialog med nokre spennande spelarar, så det ser ut som om vi styrkar oss litt før denne sesongen. Og vi har plass til fleire, seier påtroppa trenar for damelaget til Os, Cato Moldskred.
Moldskred si første trening med damene er i kveld.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no