Lokal | 14. des. 2016

Monsterbrua vil gå i Øyane

Lesarinnlegg: I rapporten om «maritimt naturmanfald» er det tydeleg at vegvesenet planlegg at ei bru over Bjørnafjorden vil gå inn i Øyane.

Monsterbrua vil gå i Øyane
Utsnitt frå kartet marint naturmangfald KU E39 Stord-Os (ill: Statens Vegvesen/Rådgivande biologar)
Lesarinnleggonsdag 14. des. 2016 08:51

Bildeserie:

Marint naturmangfald KU E39 Stord-Os (ill: Statens Vegvesen/Rådgivande Biologar)
Marint naturmangfald KU E39 Stord-Os (ill: Statens Vegvesen/Rådgivande Biologar)
Støykart Røttinga (kart: Statens Vegvesen/Cowi)
Støykart Røttinga (kart: Statens Vegvesen/Cowi)
1 av 2
Marint naturmangfald KU E39 Stord-Os (ill: Statens Vegvesen/Rådgivande Biologar)
Støykart Røttinga (kart: Statens Vegvesen/Cowi)

I fire år har vi venta på dette. Ikkje berre vi her i Os, men heile Hordaland har venta på svar om skjergarden i Os vil bli rasert av ei gigantisk 4 felts bru over Bjørnafjorden. Sjølv om Statens Vegvesen og andre legg eit tjukt lag med havtåke rundt planane, finst svaret langt inne i papirbunken. Uheldigvis.

Statens Vegvesen har lagt fram ein statleg kommunedelplan som no skal på høyring. Konfliktnivået var for høg til at regjeringa tok sjansen på ein vanleg demokratisk prosess med vedtak i kommunestyret. Det ugjennomtenkte valet av trasé over Bjørnafjorden og det demokratiske underskuddet gjennom heile prosessen, har ført til at vegprosjektet er blitt mektig upopulært. Er det berre ordfører Terje Søviknes (FrP) og samferdselspolitikar Gustav Bahus (FrP) som vil ha monsterbrua?

No er det lagt fram ein plan som skal gi svar på det alle lurer på: Vil brua gå i Øyane? Vil det bli mykje støy frå vegen? Kva med anleggstrafikken? Kor skal det byggast brutale anleggsvegar og kor lenge blir tettbygde Os plaga av den? Kva vil skje med det verdifulle naturområdet Ulvenvatnet som vil få 6-felt med veg? Kva med dei tusenvis på Kuven, Moberg og i Varåsen som vil bli råka av støy frå kvinande tungtrafikk?

Vegvesenet har lagt fram ein statleg kommunedelplan. Det finst klare krav til kva ein slik plan skal innehalde: «Overordnede prinsipper for den framtidige vegutbyggingen: Valg av endelig trasé, plasseringer av kryss, vegstandard, bruk og vern av arealer nær vegen og byggegrenser er sentrale avklaringer som tas i en kommunedelplan.»

Ved framlegginga av planen har det kome fram at planen ikkje har tatt endeleg stilling til ilandføring av bru over Bjørnafjorden. Men også spørsmål kring støy og anleggstrafikk i store delar av Os er uavklart. Det er mildt sagt kritikkverdig at Vegdirektoratet har brukt 3 år med planlegging og millioner av kroner på å ikkje gi eit avklart svar.

Å ikkje gi svar på det folk har krav på å vita, er heilt enkelt eit misbruk av skattepengane.

Kan hende at dei som vil ha gigantvegen ynskjer at det skal vere uklart om desse stidsspørsmål? Kan hende at regjeringa no pressar fram eit positivt vedtak på kommunedelplanen for seinare å kome med dei dårlege nyhende? Om ein har sagt ja til planen, så må ein tole alt negativt som fylgjer med?

Ved å gå djupare inn i dei rapportane som no foreligg, kan ein lesa at ting ikkje er så uklart som Søviknes og co. freistar å få det å sjå ut som. I rapporten om «maritimt naturmanfald» er det tydeleg at Vegvesenet plalegg at ei bru over Bjørnafjorden vil gå inn i Øyane. Det er dette sjøområdet rapporten har kartlagt, ikkje t.d. Røtingaflua (sjå illustrasjon frå rapporten).

På spørsmål om kva slags støytiltak ein ser for seg for å hindre at vogntog i 110 kmt ikkje øydelegg nattesøvnen til folk, forsikra Vegvesenet dei som var tilstades på folkemøtet i Oseana (8.12) at vi har ingenting å frykte. Dette rimer dårleg med uttale frå både Samferdselminister Kjetil Solvik-Olsen, Statsministeren og Vegvesenet sjølv.

Då det i vår blei kjent at monsterbrua gjekk på ein kostnadssprekk, peika desse på at ein vil gå ned på standarden for å redusere kostnadar. Vegvesenet har allereie lagt til grunn ei «minimalisering av tiltak i forhold til regelverk om støy, luft og naturmangfold». På NHO si «Innspillskonferanse» i April sa samferdselsministeren dette om det å redusere støy (Bergens Tidende 7. april 2016): «Solvik-Olsen forteller at det koster 100 millioner å bygge et planfritt kryss, rundt regnet. Også støyskjerming og tiltak for dyreliv og natur koster veldig mye. — På E18 i Vestfold gikk det en halv milliard kroner bare til støyskjerming. Og så har man viltoverganger og alt annet. Vi må spørre oss om alt dette er helt nødvendig, sa statsråden i innlegget sitt.»

Den planen som no foreligg er så mangelfull og uklar at Os Venstre i sitt budsjettframlegg foreslår at kommunen tingar sin eigen uhilda rapport for å klarlegge konsekvensane for Os med tanke på natur, miljø, bumiljø og støy.

Nokon må våge å seie det Vegvesenet, regjeringa og den politiske eliten i Os ikkje vågar å fortelje osingane:

Ferjefri E39 gjennom Os vil gjera store inngrep i kommunen.

Det vil blir mange år med anleggstrafikk med mykje støy og dumping av enorme steinmassar i skjergarden.

Det bli aldri meir ein stille stund langs Bjørnafjorden frå Bjørnen til Strøno.

Kuventræ, Moberg, Kuven og Varåsen vil bli Bergenhalvøya sitt svar på Bronx og ingen kan rekna med støytiltak som kan bøte på det.

Sist men ikkje minst:
Monsterbrua vil gå i Øyane.

Glenn Erik Haugland
Kommunstyrepresentant, Os Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.