Lokal | 31. juli 2012

Montée uten Maya

Før helga offentleggjorde Maya Vik at ho gjev seg i bandet Montée.

Montée uten Maya
Maya Vik under utdelinga av Os kommune sin kulturpris i februar (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtirsdag 31. juli 2012 11:13

For fem år sia var osingen Maya Vik med på å starte Montée. No vil Maya bruke meir tid på eigne prosjekt.

I februar mottok ho Os kommune sin kulturpris for 2011.

Spellemann for debuten

I 2009 kom Montée sitt debutalbum "Isle of now", og for det vann dei Spellemannpris for årets beste popgruppe.

Dei vart også nominert i same kategori for deira andre album "Rendition of you".

Maya har spela i band sidan ho var 19 år, og har tidlegare vore bassist i bandet Furia, Savoy og i husbandet til «Storbynatt» med Bård Tufte Johansen og Harald Eia.

Gode vener

Det skal ikkje vera noko dramatikk rundt avgjerslen til Vik.

– Det har vore ei fantastisk tid, ei eg har tilbragt med mine beste vener. Nå ønskjer eg å bruke meir tid på eigne prosjekt, seier Maya Vik i ei melding lagt ut på plateselskapet Oslo Records si heimeside fredag.

Vidare seier ho at dei fortsatt er gode vener og at dei alle ønskjer det beste for kvarandre i framtida.

Plateslepp i august

Maya, som nyleg kom tilbake frå turné i Japan, har halde på med solokarriera ei stund.

I oktober 2011 gav Maya ut sitt første soloalbum, og allereie i august er ho klar med sitt andre album "Bummer gun".

Maya, som i 2007 vart kåra til "Norges kuleste og peneste" av bladet Elle Mann, opptrer på Øyafestivalen 11. august.

Les óg: Stilsikker suksesskvinne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.