Lokal | 12. okt. 2017

Monterte alarm i kiosken på Kuventræ

Ein sponsor og ein spiss har sikra den innbrotsutsette kiosken til Os Fotball.

Monterte alarm i kiosken på Kuventræ
Os-spiss Christoffer Hafsås på dugnad før og etter trening onsdag, her saman med Endre Brenne. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. okt. 2017 08:24

Kiosken på Kuventræ har vore utsett for mange innbrot. Kvar haust i minst fire år på rad har det vore periodar med fleire innbrot, seinast for to veker sidan, då det var to innbrot på tre døgn.

Måndagen etter kom det melding frå hovudsponsor H-vinduet Magnor AS, som sponsa alarm til kiosken.

– Eg blei irritert då eg las om innbrota. Kiosken er eit viktig samlingspunkt, den bidrar til å skapa eit godt miljø mellom spelarar, publikum og foreldre, og eldsjelene som driv den er flinke til å organisera vakt på dugnad og å halda den oppe, seier Magnor-eigar Ole-Vidar Skaathun.

– Vi held for tida på å testa ut ulike lås- og varslingssystem på våre eige vindauge, så eg var dessutan litt i alarm-modus, og skaffa kiosken eit Yale-system frå Assa Abloy.

Hafsås i spissen for monteringa

Onsdag kveld blei alarmen montert. Jobben blei utført av Os-spelar Christoffer Hafsås.

Storskåraren, som nyleg har signert kontrakt med Os også ut 2018, jobbar som elektriker på dagtid. Han gjorde ein ekstra innsats for klubben etter treningsøkta.

– Med tre-fire innbrot i året blir det ein del tap, både i varer, reparasjonar og anna meirarbeid. I tillegg kjem det demotiverande synet av at noko er ramponert, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

– Eit alarmsystem ville nok uansett vore verdt pengane, men det er heilt fantastisk at Skaathun og Magnor stiller opp på denne måten, og at Hafsås stiller opp på litt dugnadsinnsats, seier Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.