Lokal | 17. jan. 2017

Monterte målar og skifta fortøying

Det eine tauet på bølgedemparen utanfor Os hamn har vore utsett for stor slitasje.

Monterte målar og skifta fortøying
Fortøyingane på bølgedemparane blir i dag justerte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. jan. 2017 13:17

Bølgedemparen, som blei forankra utanfor Os hamn i desember, har vist seg å ha bra effekt.

Les òg: Bølgedemparen sin første test

Men ifølgje ein Midtsiden-tipsar observerte ein dykkar, i utgangspunktet på jakt etter ei teine han hadde mista, at det eine tauet til bølgedemparen var svært slite.

Dette var søndag. I dag var arbeidsbåten SAS Virgo og løfta i fortøyingane til bølgedemparen.

– Vi kjente til problemet frå før, det blei oppdaga då vi var nede med ROV i førre veke, fortel teknisk leiar Tore Birkeland frå Akvasafe.

Skiftar ut med kjetting

Årsaka til slitasjen skal vera at terrenget ikkje stemte heilt med kartet som forankringsplanen blei laga etter.

– Det igjen gjorde at det eine tauet låg og gnagde på ein stein i moloen. Dimensjonane er kraftige, men ikkje laga for å gnikkast mot stein.

Det sårbare stykket av tauet blir i dag skifta med kjetting. I tillegg var det ein fortøying som hadde blitt slakk.

– Tau kan strekka seg ganske mykje, og i kulingen før jul fekk den eine litt slakk, så denne blir no stramma opp.

Monterte måleutstyr

Også i førre veke var det folk ute på bølgedemparen, men då for å montera utstyr.

– Det blir montert fire lastceller på utvalte fortøyingsliner. Desse måler online og registrerer dei reelle kreftene som blir påført prototypen; Wavebreaker I, fortel John Knudsen hos Akvasafe.

– Vi kan dermed få verifisert dei teoretiske berekningane og bruka resultata til eventuelt å finjustera design på dei neste bølgedemparane.

Akvasafe er nøgd med effekten Wavebreaker I til no har hatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.