Mopedist hamna i frontruta på ein bil
– Heldt ikkje vikeplikta, seier politiet.
Tysdag klokka 16.36 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Skeisflaten.
– Meldinga gjekk ut på at ein gut på moped hadde kollidert med ein bil, hamna over styret og inn i frontruta, fortel Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politi og ambulanse rykte ut til krysset mellom Skeisflaten og Skeisleira.
Tok beslag i førarkort
– Mopedførar, ein gut på under 18 år, var utan alvorlege skadar. Foreldra blei varsla og han blei tatt til legevakt for sjekk.
Politiet mistenker mopedførar for ikkje å ha halde vikeplikta, og har tatt beslag i førarkortet.
Det skjedde det ei tilsvarande ulykke mellom MC og bil i same kryss i juni 2016.
Også då var det tohjulingen som ikkje heldt vikeplikta si, og som fekk førarkortet beslaglagt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.