Lokal | 03. sep. 2015

Møt Ap sin toppkandidat

#ValiOs15 • Møtet med ordførarkandidaten: Helge Steinum (Ap).

Møt Ap sin toppkandidat
Helge Steinum er ordførarkandidat for Arbeiderpartiet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 03. sep. 2015 06:12

Midtsiden har utfordra ordførarkandidatane i dei ni partia som stiller lister ved kommunevalet i Os på det vi meiner vil vera sentrale områder dei kommande fire åra. I ein serie artiklar vil kvar av ordførarkandidatane få presentera sitt syn på dei ulike emna.

Barnehagar

Ap vil ha kommunale barnehagar, kutta ut den kommunale kontantstøtta og behalde barnehagetomta i sentrum.

– Vi har nok barnehageplassar i dag og er godt bemanna. For framtida vil vi at nye barnehagar som etablerast er kommunale. Vi vil ikkje ha fleire private. Slik det er no så har vi gitt frå oss for mykje av styringa. Den må vi ta tilbake, innleiar Helge Steinum.

– Ei tomt vi vil behalde er barnehagetomta rett bak den gamle brannstasjonen i Os sentrum. Skal vi utvikla sentrum til å bli attraktiv, også å bu i, så må vi ha offentlege tilbod som barnehage i nærleiken. Det kan vera slik at vi sel ei god tomt, for så å måtte kjøpa dyrt seinare. Det er for kortsiktig tenking.

– Vi vil òg kutta ut den kommunale kontantstøtten og i staden bruke pengane på barnehagane. Det er der dei kan oppdaga problem ungane har tidleg, noko som er viktig for å kunne gje borna ein god og trygg oppvekst.

Skule

Os kommune har 10 barneskular og 2 ungdomsskular.

– Vi har ei utfordring med å ha nok skuleplassar. Det såg vi då 2008-kullet skulle byrje på skulen, kor vi måtte hasteutbygga på Kuventræ barneskule. No ser det ut som om vi må gjera det same på Lunde barneskule som er heilt sprengt. Det gjer det tungt for rektorane og lærarane.

– I tillegg er vi av dei kommunane som betaler minst per elev. Vi bruker veldig lite på skule, det har ein samanheng med dei resultata vi ser i skulen. Etter at Frp/H no har styrt i 16 år har resultata berre falt. Det er flott at dei freister å ta tak gjennom prosjekt betre læringsresultat, men det kjem for seint.

– Skulen treng å bli satsa på, vi må gje meir ressursar til rektor og stole på at dei saman med lærarane klarar å gjera ein god bruk av dei. Ta berre alle dei som har fått vedtak om PPT, men som ikkje får den hjelpa dei skal ha, fordi rektorane ikkje har penger til det. No må vi ta tak. Til no har det rett og slett vore for små bevillingar.

– For oss handlar det om å prioritera. Kommunen kan ikkje esa ut i alle ender. Vi må prioritera borna og då spesielt 1. og 2. klasse. Dei som ikkje har lært seg å lesa, skrive og rekna etter to år, må få den hjelpa dei treng for å læra det. Då handlar det rett og slett om ressursar.

– Vi vil ha ei større lærertettleik med maks 18 elevar per lærar. Dei ekstra midla kommunen fekk til skulen frå staten i fjor er eit resultat av Frp/H sin manglande politikk på området med for dårleg lærartettleik og derigjennom for dårlege resultat. I eit litt lengre perspektiv må vi satsa på å utdanna våre eigne barn, i staden for å satsa på rike og vellykka innflyttarar, poengterer Steinum.

Eldreomsorga

– Posisjonen skal ha skryt for ståa i eldreomsorgen no. Eg har inntrykk av at det fungerer bra no. Utbygginga på Luranetunet er spennande, men vi må sjå på om det er ein tropehage dei treng, eller om vi i staden skal prioritera å få tilbake kjøkkenet på Luranetunet. Ernæring er viktig og det er eit spørsmål om prioriteringar.

– Heimetenesten vår fungerar veldig bra, sjølv om vi faktisk er blant dei gjerrigaste i landet der òg. Det å gje dei eldre moglegheiten til å bu heime så lenge som mogleg er viktig. Vi er heldige som har så utruleg dyktige og flinke tilstette i heile kommunen. Dei imponerar meg og kan konkurrera med kven som helst private tilbydarar. Vi vil halde eldreomsorga kommunal.

Frivilligheiten

– Det frivillige lagslivet legg ned 115 000 årsverk i landet, men dei er avhengige av at kommunen støttar dei. Ta tildømes Friplassen på Søfteland, som kom som eit initiativ frå to-tre eldsjeler. Det at kommunen kunne komma inn og jobba på lag med dei er eit døme på korleis vi kan støtta opp omkring frivilligheiten.

– Vi vil òg at dei skal få lov til å regulera det området dei ønskjer til kultur og idrett, og vera med å pusha på for ein flerbrukshall på Søfteland. Det treng ikkje kosta kommunen noko. Dei har eit kjempeprosjekt på gang. Då må ikkje vi som kommune motarbeida dei. Vi må heller bruka den kompetansen og nettverket dei sit med.

– Eg ønskjer òg at vi skal kunne støtta initiativ som Espen Haga sitt. Annankvar fredag samlar han ungar på Søre Neset for å spele data i tre timer, men kor den siste timen er via til ulik fysisk aktivitet. Vi vil gje dei litt støtte, slik at det blir lettare å oppretthalde tilbodet.

– For oss i Os Ap er det òg viktig at ungane får driva allsidig og at alle har råd til å vera med. Det frivillige idretts- og kulturlivet må ikkje få eit klasseskille der berre dei rikaste har råd til å vera med. Difor meiner vi at kommunale haller og bygg skal vera gratis å nytta til frivillig aktivitet for born og unge.

Utbygging/areal

– Det går for fort i svingane med partia som er i posisjon no. Det neste naturlege utbyggingsområdet no er Endelausemarka med bustadbygging på Lysekloster-sida.

– Viktigast er at vi lagar gode reguleringsplaner og at vi held oss til desse. 99% av dispensasjonssøknadane i 2014 gjekk igjennom med Frp/H si velsigning. Det handlar ikkje berre om dårlege reguleringsplanar, men like mykje om slepphendt styring.

– Ta Bjånesutbygginga. Den er merkeleg. Der godkjenner dei 1200 eininger uten å tenkja på inrastrukturen. Vegtrasé, skule og det at det fort kan komma 500 nye ungar der ute er noko ein må tenkje på og gjera grep i høve til no, ikkje komma heseblesande i etterkant. Igjen har det gått for fort, meiner Steinum.

Samferdsel/trafikk/veg

– Vi må komma oss til Fusa med veg. Då kan vi kobla Bjånes på der. Eg vil òg at vi jobbar for ein ny fylkesveg frå Drange til Hildershamn og at vi får på plass ei ny bru til Strøno. Det må inn i planane allereie no og jobbast vidare med.

– Gjer vi det kan vi etablera ei djupvannskai i Sør-Strøno med tilhøyrande næringsareal, noko som muleggjer fleire nye arbeidsplassar. Eg trur næring mot sjø vil vera ei viktig type næring for Os i framtida.

– I tillegg må vi bli betre å sjå heilskapen i ting. Ta berre området rundt sentrum. Der har vi vel hatt 7-8-9 reguleringsplanar dei siste åra. Det er for korttenkt. Dei må samkøyrast og sjåast på i ein heilskap. Vi kan ikkje berre gi etter for utbyggarar.

– I BT sin “#kandulove” er det ein ting som går att. Skuleveg og trafikksikring. Det gjeld Hjellemarka, Øyane og Lysefjorden, alle blir påpeika som utrygge områder for mjuke trafikanter. Felles for alle dei områda er at det er reguleringsplaner som har kome dei siste 10 åra og at dei ikkje har tatt trafikksikringa alvorleg nok. Det må på plass, men då kostar det for kommunen. Dette burde i staden vore lagt inn i rekkefølgekrava til utbyggarane.

– Ei bru over Bjørnafjorden har eg ikkje tru på, i allefall ikkje dei første 15 åra og då kan det nok visa seg at det er andre alternativ som er betre.

Arbeidsplassar/næringsliv

Steinum vil ha fleire lærlingeplassar og lanserer fengsel i Lidl-lageret.

– Vi kan ikkje berre sitta tilbakelent og vente på at Lyseparken tek form. Vi må bli flinkare til å oppretta læreplassar, også i den kommunale sektoren. Sjå berre kva behovet vil bli på Luranetunet etter utbygginga, men det gjeld alle dei kommunale einingane. Dei vil òg trenga fleire folk etterkvart som kommunen veks. På vann og avlaup gjekk vi til Bergen Vann for å løyse utfordringa i staden for å satsa på våre eigne. OHARA skal snart byrje å byggast, der òg må vi vera på offensiven og tiltrekke oss gode medarbeidere. Ein måte å gjera det på er å rekruttera gjennom lærlingeordninga, seier Steinum.

– Vi må òg vera offensive i høve dei lokala som står tomme. Ta Lidl-lageret i Ådnadalen. Frp vil no sende 430 fangar til fengsel i Nederland. Hadde ein bygd om Lidl-lageret, så ville ein kunne fått eit fengsel med plass til meir enn 430, og i tillegg fått ei rekkje nye arbeidsplassar i kommunen. Vi må tørre å tenkje litt utanom det vanlege. Det er ikkje farleg å vera vertskommune for eit fengsel.

Kommunen sin økonomi

– Det går i pluss, takka vere at vi bruker lite på alt, men det største problemet er gjelda på 1,4 milliardar kroner. Posisjonen skuldar på at vi er ei vekstkommune, men gjelda veks raskare. Det er herfrå og ut utgiftene kjem til å stiga og gjelda til å auke enno meir.

– Eg meiner det ligg meir bak enn berre vekst. Kommunen har vore for dårleg på prosjektstyring og kontroll. Oseana, som har blitt eit flott bygg er eit døme på eit prosjekt som gjekk løpsk og kor ein måtte gjera dyre ombyggingar. Det skal ikkje vera mogleg. Ein veit om alle krava som stilles til arbeidsmiljø og byggteknisk. Det går rett og slett for fort. Planane om parkeringshuset i sentrum er det same. Der var det eit grunnlag som ikkje var gjennomtenkt. Det kostar å ha det travelt.

– Dessuten må vi hugsa på at all gjeld skal betalast tilbake, og då gjerne med renter. Utfallet blir fort auka kommunale avgifter eller dårlege tenester. Til sjuande og sist er det vi som bebuarar som må betala tilbake milliardgjelda.

Os om 15 år

Avslutningsvis har vi utfordra ordførarkandidatane til å sjå inn i glasskula og "spå" kor Os er om 15 år.

– Vi er nok ikkje 40 000 innbyggarar. Så fort trur eg ikkje folketalet stig. Vi har kobla oss på Fusa og dei har avlasta noko av veksten.

– Vi har fått eindel bebyggelse av ein annan art enn det vi har i dag. Vi har nok bygd noko i høgden langs traseane, men ikkje ut mot hamna. Der ligg husa i bakkant med opne områder foran. Sentrum vil blomstra.

– Vi har klart å få ei utbygging som gjer at også folk under 30 har ro til å bu i kommunen.

– Vi har ikkje fått vegen frå sør enno og vi er Os kommune og framleis ei bygd. Kanskje har vi slått oss saman med Fusa, avsluttar Helge Steinum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.