Lokal | 15. nov. 2016

Møt den nye sentrumssjefen

Frå butikk- og festivalsjef til sentrumssjef: William Lindborg (31) blir ny dagleg leiar i Os sentrumsforening.

Møt den nye sentrumssjefen
William Lindborg blir ny dagleg leiar i Os sentrumsforening frå 1. februar 2017 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. nov. 2016 13:03

Tysdag fekk medlemmane i Os sentrum beskjed får styreleiar Daniel Skotheim at William Lindborg har takka ja til stillinga som dagleg leiar i Os sentrumsforening.

– Eg er utruleg glad for at William har takka ja til å bli med oss og utvikla og byggje opp Os sentrum og Os sentrumsforening. Eg er trygg på at vi har funne rett mann, som ikkje berre kan vera med å skape dei gode store arrangementa, men også dei i kvardagen.

– William har ein veldig viktig og god erfaring frå det han har drive på med tidlegare, og kan visa til gode resultater også som selgjar og marknadsførar. Eg trur han har evnen til å løfta sentrumsforeninga, også i medlemsmassen, seier Skotheim til Midtsiden.

Spennande endringar

Lindborg fortel at han i utgangspunktet ikkje tenkte på seg sjølv i rolla som leiar for Os sentrumsforening, men etter å ha blitt tipsa om dei organisatoriske og fysiske endringane som var på gang i sentrum, byrja han å undersøka litt nærare.

– Sjølv om eg er osing og kjenner Os godt, så har eg aldri vore engasjert med det som skjer i sentrum. Etter å ha sjekka litt opp i det som denne hausten har gått føre seg med ny organisasjon og den satsinga både foreninga og kommunen gjer i sentrum, så blei det veldig spennande.

– Dess meir eg snakka med styret, jo meir spennande blei oppgåvene og dei moglegheitene som ligg der. Det at eg kjenner Os, men ikkje har vore involvert i sentrum tidlegare trur eg gjer at eg kan sjå på ting med litt nye auge, fortel Lindborg.

Frå butikksjef til festivalsjef

William Lindborg er 31 år, gift med Tonje og har ei dotter, Alva, på to og eit halvt år. Han er utdanna innan økonomi og administrasjon frå Sogndal og har mellom anna vore butikksjef på Joker Søfteland.

– Eg tok over butikken på Søfteland i 2008, samstundes som eg saman med bror min, Andreas, starte med å arrangera Søfteland Rock 'n' LoL om sommaren. Etterkvart blei det meir og meir festivalar og i 2012 jobba eg for fullt, gjennom selskapet Søfteland Rock, for andre festivalar og event-arrangørar.

• Klar for å mimra? Sjå Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LoL

– I 2013, starta eg i den jobben eg har i dag som administrativ leiar og produsent for BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival, journ.mrk).

På fritida har han vore ivrig fotballspelar på Søfteland før han flytta til Helland på Eikelandsosen. Han sit også i kommunestyret i Fusa for Arbeiderpartiet og som styremedlem i Oseana Kunst- og kultursenter.

– Eg håper jo at det at eg no får kortare reiseveg frigjer litt tid, slik at eg kan byrja å spele fotball igjen på Eikelandsosen, smiler han.

Vil lytta

Den nye sentrumssjefen har ikkje lyst til å røpa for mange av sine eigne tankar om kva veg sentrum skal gå.

– No i starten blir det nok mange kaffikoppar med eksisterande medlemmar og potensielt nye medlemmar for å høyre kva dei tenkjer. Kva dei er nøgd med, kva som er bra av dei arrangementa som er i dag og kor ein kan gjera det enno betre. Eg må rett og slett gjera meg kjend med Os sentrum.

– Ei av dei viktigste oppgåvene mine blir jo å byggja ei sterkare sentrumsforening, og få fleire av dei næringsdrivande i sentrum, anten dei driv butikk, tenesteyting eller er grunneigarar til å bli medlemmar i foreninga.

– Eg er veldig glad for at kommunen har tatt ei aktiv rolle, det vil kanskje gje ein enno større moglegheit for utvikling. Eg gler meg òg til å jobba saman med Daniel Skotheim og dei andre i styret. Samtalane eg har hatt med Daniel var ein viktig grunn til at eg såg på dette som ei interessant oppgåve, fortel Lindborg.

Ikkje alt for alle

Han er tydlege på at det ikkje treng vera slik at alt sentrumsforeninga set seg fore, skal vera for alle.

– Klarer vi å dobla medlemstalet frå dagens om lag 30 til 60, med ein større variasjon i kva verksemder som er medlemmar, så er det ikkje sikkert at alle aktivitetane skal vera for alle. Det kan vera aktivitetar som ikkje treng vera like store, og som passar betre for ei gruppe av medlemmane, i staden for at vi heile tida skal prøva å nå alle.

– Liv på Øyro handlar mykje meir om å auka omsetnaden til dei som driv næring og utleige, slik at alle bygga i sentrum er fylt opp, enn store arrangement. Det er den daglege aktiviteten som skaper liv på Øyro.

– Kvardagen er viktigast

Mange kjenner truleg William Lindborg frå tida som arrangør av Søfteland Rock 'n' LoL og ventar kanksje at no blir sentrum ei «rockescene», men der tek dei feil.

– Det er vel kanskje den einaste bekymringa eg har, at folk trur eg skal komma med metal og heavy rock og at det no blir konsertar kvar einaste gang. Det blir det ikkje. Kva arrangement og aktivitetar vi skal ha i sentrum overlet eg til medlemmane å avgjera.

– Kva slags sentrumsleiar blir du, den som løper rundt og riggar med sperringar og plakatar?

– Det er kanskje lett å tenkje at eg skal vera den som skal gjera det, men eg er vel så vant til å planleggja og leggje tilrette for arrangement. Eg har ikkje problem med å ta i eit tak og rigga opp mot eit arrangement, men på sikt har eg ikkje tenkt å bli «ein vaktmeister» for Os sentrum. Eg skal vera meir til hjelp for medlemmane, avsluttar Lindborg, som sjølv om han ikkje byrjar før 1. februar vil ha ein finger med i planlegginga av aktivitetane for det kommande året.

Førre leiar for Os Sentrumsforening er Geir Amundsen, tidlegare leiar for foreininga er Knut Natvik, Bjarte Wiberg og Renate Iversen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.