Lokal | 06. jan. 2017

Mot god sesongstart i Eikedalen

– Løypene er fylt med både natursnø og kunstsnø, det kan bli ein god dag i morgon, seier Fredrik Tønjum.

Mot god sesongstart i Eikedalen
Fredrik Tønjum opnar minst tre heisar inst i Eikedalen til sesongopninga i morgon. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. jan. 2017 09:10

Snøen har kome og gått med mildvêret på Voss og i Eikedalen i desember, men i morgon kan også Eikedalen starta sesongen.

– Det ser ut til å bli ein god sesongstart òg, seier dagleg leiar Fredrk Tønjum.

– Oppe i anlegget er det opptil 60 cm nysnø. Det kom 5 nye cm i natt og det snør framleis, i tillegg til at vi fekk produsert mykje snø onsdag og torsdag.

Det er meldt lettskya, sol, 2-4 minusgradar og berre 2-4 m/s vind laurdag.

Får truleg opna fleire heisar neste helg

Det er førebels tre heisar som er klare for opning, Veraheisen og Tobiasheisen i barneanlegget og Setertrekket inst i dalen.

– Det ser ut som om det skal snø i heile dag og vi ligg an til også å få opna Tallerkentrekket ved Setertrekket.

Det er meldt snø søndag og mildvêr og regn måndag. Frå tysdag kan nedbøren koma som snø eller sludd.

– Litt regn er bra, spesielt på toppen, så vi får pakka snøen litt. Det må til om vi skal få preppa opp til toppen av Stolheisen utan å skrapa nedi med maskinene.

– Om det kjem passeleg dose med regn og nedbøren kjem som snø mot slutten av veka vil vi nok få opna fleire trekk til neste helg. Men no gler vi oss først og fremst til i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.