midtsiden

Mot ny rekord

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Søfteland Rock N LoL: Første festivaldag blei folksam og billettsalet til laurdag er allereie lovande.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, juli 16, 2011 - 09:58

Publikumsmengda på Søfteland Rock N LoL har auka frå 200 i 2007 og 600 i 2008 til 1200 i 2009 og oppunder 1600 i fjor. Festivalen hadde rundt 800 gjestar kvar av kveldane i 2010.

– Vi har selt cirka 800 til no i kveld, sa William Lindborg i 23-tida fredag.

Framleis var Jeroan Drive på scenen og Fjorden Baby! i vente. Folk kom enno stimande over brua og opp gardsvegen til festivalområdet.

– Nytt i år er pass og vi har selt 500 slike, som gjev inngang både fredag og laurdag.

I tillegg var det cirka to timar før slutt selt 300 dagsbillettar fredag og over 200 dagsbillettar til laurdag.

300 utanom

I tillegg til betalande gjestar er det delt ut rundt 200 pass til sponsorar, samarbeidspartnarar og presse.

– Det er også mange i arbeid under festivalen, 85 per kveld.

– Ei glede å hjelpa til

I tillegg til barndomsvennar av søskenaret William og Andreas Lindborg stiller også slekt og familie opp.

– Dei siste åra har eg lagt ferien min opp så den startar veka før festiaveln. Den første ferieveka er eg her med nevøane mine, slår gras og hjelper til, seier Alf-Heine Sandven, eller onkel «Meinik», som gutane kallar han.

Ungane hans på 9 og 12 år er også med og hjelper til og kona hans, Trude, står i baren under festivalen.

– Vi synes dette er ein super start på ferien. Det er imponerande å sjå kor mange og flittige vennar Andreas og William har, vi har det veldig morosamt denne veka før festivalen.

Fekk to bursdagspresangar

Mor til festivalgutane, Gudrun «Duddun» Elisabeth Sandven Lindborg, hadde bursdag fredag.

– Dagen ser ut til å bli fin, sa Duddun i 18-tida.

Så kom ORBO & The Longshots på scenen.

– Eg har fått speilreflekskamera - og ORBO - i presang, dette var mitt største ønske, å få ORBO til Søfteland, sa ho og peika på scenen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11