Sport | 31. okt. 2014

Møter Sotra i Oshallen

Laurdag spelte handballdamene ein jamn kamp mot serieleiar Førde, søndag er det nye heimekamp.

Møter Sotra i Oshallen
Hilde Kristine Røttingen er ei av dei som tok tak då Os gav serieleiar Førde noko å bryna seg på førre helg. (Her frå kampen mot Stord tidlegare i haust, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. okt. 2014 13:49

– Vi stilte litt tynt mot serieleiar, så det blei noko heftig bruk av enkelte spelarar, men vi klarte oss veldig bra. Eg vil kalla dette årsbeste, seier trenar Gitte Torp etter 22-27-tapet for serielair og opprykksfavoritt Førde.

– Enkelte spelarar sto veldig fram i denne kampen. I tillegg til keeper Vibeke Ingebrigtsen, som alltid er stødig, vil eg trekka fram Malin Hjelle Berentsen, Hilde Kristine Røttingen og Tonje Hjertnes.

Stiller sterkare på søndag

Søndag (frå kl 16) tar Os imot Sotra, som ligg på 7. plass av dei 12 laga i avdelinga. Då stiller Os endå sterkare.

– Vi måtte klara oss utan Elise Hjelle, som var vekkreist under førre kamp. Ho er ei veldig viktig brikke på laget, og er med igjen på søndag.

Også Marte Haugsdal, som debuterte på damelaget som 16-åring i 2012 og skåra fem mål på fem kampar før ho gav seg, er tilbake.

– Marte gjorde comeback i haust, og ho er det mykje fart i. Ho har spelt nærmast alle kampane til 3. divisjonslaget vårt og var med oss mot Jotun i Årdal.

Os har no spelt jamt med dei gode, Førde og Jotun, og har vist god framgang i haust.

– Det er det viktigaste. Vi er på mange måtar framleis i oppkjøring etter svake sommaren, og då er det kjekt å sjå at vi speler betre og betre saman. Det gjeld også i 3. divisjon, andrelaget har spelarar frå 16 til 39 år, nokre er debutantar i senior, andre har gjort comeback, og no byrjar vi å bli godt kjent med kvarandre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.