Lokal | 07. nov. 2017

Møter utfordringane med fond

Har spart opp 35 millionar til drift av Luranetunet. – Det kan vi vera stole av, seier økonomisjefen.

Møter utfordringane med fond
Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas var nøktern med positiv då ho presenterte framtidsutfordringane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 07. nov. 2017 19:49

Formannskapet og gruppeleiarane for partia som ikkje sit i formannskapet er tysdag og onsdag samla på Flesland til den årvisse budsjettkonferansen kor administrasjonen presenterer tankane bak budsjettet for 2018 og den kommande økonomiplanperioda fram mot 2021.

Naturleg nok er økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas ei av dei som presenterer budsjettframlegget. Ei sentral oppgåve for økonomisjefen er å mane til forsiktig pengebruk og å "male fanden på veggen".

– Dei som har lese budsjettheftet og samenlikna med budsjetta for 2016 og 2017 ser at vi ikkje har fokus på det kommande året, men korleis vi må innretta oss for dei kommande åra, og då spesielt mot 2020. Det har vi gjort siden 2016, vi jobbar for å letta overgangen i 2020. Då tenkjer eg ikkje på kommunesamanslåinga, men ein del andre utfordringar.

– Ja, det er kanskje litt kjedeleg, men det er i allefall forutsigbart, smilte økonomisjefen.

Politisk aksept

Ei av dei største utfordringane er innfasinga av full drift ved Luranetunet omsorgssenter som er venta å koste 35 millionar kroner årleg og avslutninga av SIO-prosjektet i andre halvdel av 2019.

– I budsjettet for 2017 har vi ikkje auka dei årlege driftsutgiftene så mykje, fordi vi har sett at vi må ha nok midler til å driva i 2020. Det opplever eg vi har fått politisk aksept og oppslutning for. Difor ser de at det var ein masse eingangstiltak i 2017.

– Relativt bra

I staden for auka driftsutgifter har kommunen satt midler i fond.

– Det er litt av tanken vi har hatt. Å bygge opp fond både i ordinær drift, men også for å kunne takla iverksettinga av Luranetunet. Per no har vi 35 millionar på eige fond til drift av Luranetundet. Det er relativt bra tenkjer eg, kommenterte ei nøktern Ingrid Karin Kaalaas.

– Det er ikkje rakettforsking det vi driv med, men relativt bra å ha klart å gjennomføre det i ein kommune som ikkje har mykje pengar. Vi konkurrerar med Fjell om å vera den fattigste kommunen i frie inntekter i Hordaland. Likevel har vi klart å bygge opp fondet. Det kan vi vera stolte av, slo økonomisjefen fast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.