midtsiden

Motstandarane i 2012

Os reiser sørover neste år: Tim Henrik Sperrevik er nøgd med avdelinga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, november 15, 2011 - 22:01

Os blir verande i avdeling 7 i 2012, men får fleire nye motstandarar, ifølgje avdelingsoppsettet Norges Fotballforbund publiserte tysdag 15. november.

– Vi slepp lange bussturar nordover og sånn eg ser det vil vi sportsleg sett ikkje møta den tyngste motstanden med store satsingslag som kan dra ifrå resten tidleg i sesongen, seier nyleg påtroppa A-lagstrenar Tim Henrik Sperrevik.

Møter Austevoll

Os har framleis lag som Kopervik, Stord og Skjold i avdelinga, men får også nynedrykka Austevoll og Bjarg, som fekk 2. plass i avdeling 8 i år, å bryna seg på.

– Austevoll kan, om dei held på spelarane sine, og entusiasmen frå tidlegare år, bli ein av våre tøffaste konkurrentar i kampen om opprykk til 2. divisjon, trur Tim.

Må til Stavanger

Sperrevik må også ta med seg troppen sin to turar til Stavanger neste år, for å møta tidlegare 2. divisjonsmotstandar Stavanger og andrelaget til Sandnes Ulf, som Os spelte mot 2. divisjon i 2007-sesongen.

– Det er noko heilt anna å ta to ferjer enn å sitja samanhengande 6-7 timar på buss for å møta Florø, Førde og Måløy, sånn fleire andre frå Hordaland må neste år.

Også Varden 2 (eks Fyllingen/Løv-Ham 2) er i naboavdelinga til Os.

Her er avdelinga til Os (3 div avd 7) 2012:
(Plassering i 2011 i parantes)
Arna-Bjørnar (6. plass avd 8)
Austevoll (ned frå 2. div)
Avaldsnes (opp frå 4. divi)
Bjarg (2. plass avd 8)
Haugesund 2 (9. plass avd 7)
Kopervik (5. plass avd 7)
Os (7. plass avd 7)
Sandnes Ulf 2 (7. plass avd 6)
Skjold (11. plass avd 7)
Stavanger (5. plass avd 6)
Stord (4. plass avd 7)
Tertnes (7. plass avd 7)
Varegg (opp frå 4. div)
Åkra (8. plass avd 7)

I den andre hordalandsavdelinga finn vi desse laga i 2012:
Førde (ned frå 2. div)
Tornado Måløy
Eid
Stryn
Øystese
Saga
Florø
Årdal
Varden 2 (eks. Fyllingen/Løv Ham 2)
Sotra
Voss
Bergen Nord (opp frå 4. div, trent av osingen Tore Nielsen i år)
Radøy Manger (opp frå 4. div)
Vik (opp frå 4. div)

Eksterne lenkjer, 3. div 2011:
Avdeling 6 (Rogaland)
Avdeling 7 (Hordaland)
Avdeling 8 (Hordaland)

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: