NATO sin generalsekretær Jens Stoltenberg fekk møta osingane Amalie Lindborg Bøyum og Sandra Kristin Austgulen på Utøya (privat foto)

Møtte Jens på Utøya

Amalie Lindborg Bøyum og Sandra Kristin Austgulen ladar opp til valkamp på Utøya med politiske forbilder.

Av: Andris Hamre

Onsdag denne veka reiste dei to AUF-arane frå Os til Utøya for å vera del av den årlege sommarcampen til det politiske ungdomspartiet.

– Vi skal vera her til søndag. Her har vi politisk verkstad, fotball, foredrag og mykje sosialt. Vi kosar oss, men ladar òg opp til valkamp, fortel Sandra Kristin Austgulen til Midtsiden.

Blant foredragshaldarane dei allereie har møtte er både NATO sin generalsekretær og tidlegare statsminister Jens Stoltenberg og nestleiar i Arbeiderpartiet, Hadia Tajiik.

Vil slåss for arbeidslaus ungdom

Hovudsaka til dei to, og resten av Hordalandsgjengen, i denne valkampen vil vera arbeidslausa blant unge.

– Det er omlag 120 000 som står utanfor arbeidslivet. Blant dei omlag 70 000 unge. Unge utan arbeid er sårbare då det er vanskeleg å komma inn på arbeidsmarknaden i dag, seier Austgulen.

– Eg kan berre ta meg sjølv som eksempel. Eg var ferdig med utdanninga og fekk fagbrev i 2014, men har enno ikkje fått fast stilling, supplerer Amalie Lindborg Bøyum.

– Opprett "NAV Ung"

Dei to fortel at AP lovar 3 milliardar til kommunane for å ta tak i arbeidslausa. Ein milliard skal øyremerkast vestlandet.

– Men det må ei rekkje andre tiltak til også. For det første må ein kunne tilby lærlingeplassar og fast arbeid etter endt utdanning. Å styrka vernet kring heiltidsstillingar er difor viktig i tillegg til å forby 0-timars kontraktar.

– Det er óg på høg tid å opprette "NAV Ung" som har kompetansen og det nødvendige for å få unge ut i arbeid. Barn og unge er framtida og vi kan ikkje sitta stille og sjå på at ein heil generasjon kan bli fortapt i høve arbeidslivet.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Aalesund-tabbe kan sikra Os

16. oktober 2017

Os står i fare for nedrykk før siste runde, men ikkje om protest på denne mannen går i boks.

bilde-midtsiden

Til Os med tips - og litt tull

16. oktober 2017

Held foredrag for Fargerike: – Målet er at dei som høyrer på skal få nokre konkrete råd, men det viktigaste er litt glød, seier Einar Nilsson frå...

bilde-midtsiden

Å laga jul i nytt sentrum

16. oktober 2017

Blir det lyslenker over nyopplyst Øyro? Blir det plass til juletre på det nye torget?

bilde-midtsiden

Stenger for asfaltering

16. oktober 2017

Heile Midtsætervegen blir stengd på dagtid tysdag og onsdag for asfaltering.

bilde-midtsiden

«Tak» på tak i Os sentrum

16. oktober 2017

10 år etter førre paraplyprosjekt er nye utlånsparaplyar på plass mellom dei nye glastaka på Osøyro.