Lokal | 20. juli 2016

MS «Midthordland» merker oljekrisa

... men private lag og studentar er med på å gjera 2016-sommaren ganske grei, og neste år skal dei bidra under sykkel-VM (!).

MS «Midthordland» merker oljekrisa
MS Midthordland til kai med gjestar laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2016 08:02

Om drygt to veker startar Osfest og MS «Midthordland» skal på cruise med artistar som Frode Alnæs, Vossarebels, Trine Rein og The Holy Ghost.

– Dei store festivalane er viktige og kjekke oppdrag for oss, etter Skånevik gjekk vi direkte til Tysnesfest, der vi både hadde dei tradisjonsrike bluescruisa og køyrde osingane til og frå Våge, fortel Helge Andersen, medeigar og dagleg leiar i Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS.

Billettane til transportetappen er tur-retur, rundt 60 per dag reiste frå Os med båten, mens både fredag og laurdag var det 150 reisande, full båt og folk som sto igjen på Tysnes som måtte finna andre måtar å koma seg heim eller overnatta.

Har fått 13 avbestillingar

Andersen er ein av dei ti frå Os, Fusa og Tysnes som i desember 2008 kjøpte MS «Midthordland» og sørgja for at den no 69 år gamle skyssbåten blei verande i bjørnafjordområdet.

Han fortel at dei sel 50 til 70 turar i løpet av ein vanleg sesong, altså frå mai til ut september.

– Vi var førebudd på nedgang i år og i februar, når bestillingane vanlegvis byrjar å hagla inn, var det stille. Vi såg mørkt på det, men så byrja bookingane å koma.

MDS har fått bestilling på 59 turar i år, men sjølv om folk bestilte sienare enn tidlegare år har dei fått heile 13 avbestillingar.

– Eg har inntrykk av at ein del av avbestillingane handlar om nedgang i olje- og gass. Har du oppseiingar i firmaet så har folk gjerne tenkt at det blir feil å ta resten med på båttur.

Studentar og syklistar

Blant bestillingane som har stått ved lag, utanom festivalane, er turar med jubilantar og andre privatpersonar som har hatt rund dag. Seinast laurdag kom MS «Midthordland» til kai med eit festleg lag frå Os.

Ein annan, nyare kategori kundar er studentar i Bergen.

– Dei siste åra har vi vore hyra inn under fadderveka til psykologistudentane i Bergen. I løpet av fredagen i fadderveka har vi tre cruise med studentane.

Ein ny kunde i 2017 er Bergen2017, arrangørane av sykkel-VM (16. - 24. september).

– Dei har leigd oss og andre veteranbåtar inn heile veka, frå morgon til kveld. På dagtid skal vi ligga til kai, om ettermiddagane er det cruise på fjorden. Dei bruker oss visst òg til promotering av VM, som marknadsføring for Noreg, så det er stor stas.

Fekk nytt framdekk

MS «Midthordland» er 70 år i 2017. Båten fekk i 1995, som første norske etterkrigsfartøy, status som verneverdig fartøy av Riksantikvaren.

Vinteren 2010, då båten skulle få nytt framdekk, blei det spylt hol i skroget, og båten fekk skifta platene i skroget i staden.

Vinteren 2016 kom nytt framdekk på plass.

– Dette har stått på lista ei stund, og no blei det endeleg tatt. Midthordland låg i Sagvåg og fekk skifta både stål og dekk i front.

– Vi har fleire ting på lista, som lugarar og innvendige trapper, og vil i samarbeid med Riksantikvaren bestemma kva som blir tatt kor tid. Men Bjørnafjordens Dronning blir i stadig betre stand.

Har fleire bein å stå på

MDS eig ikkje berre MS «Midthordland», dei har òg drift av to ferjesamband i Sognefjorden.

– Om vi landar på 46 turar med Midthordland i år, pluss det som eventuelt kjem inn i tillegg ut sesongen, går heilt fint.

«Skånevik» og «Hardingen senior» går fullasta i Sognefjorden, så vi har fleire bein å stå på.

Ruta frå Gudvangen til Kaupanger er blant dei populære.

– Dei som heller vil ha ein lengre båttur enn ein lang biltur i tunnel, har stor glede av denne reisa, seier Andersen.

Gode gamle ... «St Lucy»

Det var i desember 2008 at ei gruppe på ti menn frå Os, Tysnes og Fusa kjøpte MS «Midthordland» av re osingar - og sørgja for at skuta blei verande i regionen den gjekk i skyssbåtrute på 40-, 50- og 60-talet.

Førre eigarar var Sverre Riise, Kjell Turøy og Arne Halhjem. Halhjem heldt fram som eigar saman med ni andre; Helge Andersen (fusing som den gong var busett i Os, men no bur i Baldersheim), Asbjørn Kristiansen, Espen Aspenes og Knut Jarle Aspenes og tysnesingane Sigvard Michael Madsen, Karl Åge Tvedt, Nils Kåre Fjeldet Lunde, Rasmus Holm Lunde og Trond Tvedt.

Men visste du at MS «Midthordland» òg har hatt eigarar frå Sverige og England, lagt fast i London, gått på cruise i Oslofjorden og at den har gått på land både i Samnanger og ved Drøbak?

Her er litt om historikken:

September 1945: Kontrahert ved AS Stord, Leirvik på Stord (byggenr. 2) av Det Midthordlandske Dampskibsselskab på Os. Konstruert av skipskonstruktør Knud E. Hansen, København med slankt skrog av stål og lett overbygg i aluminium.

Ferdig i 1947 - lengde: 125,6 fot, breidde 19,8 fot.

30. januar 1949: Dreiv på land ved Sundvor i Samnanger under avgang i uvær. Kantra og sokk på grunt vatn.

Var i perioden 1947-1962 ein lokalrutebåt av sjøbusstype tilhøyrende Det Midthordlandske Dampskibsselskab i Os. I 1962 fusjonerte Midthordlandske inn i Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Den blei malt opp i HSD-fargar og heldt fram i lokalrutefart i ruteområde frem til 1971, då den blei selt til utlandet. Etter mange år i bruk for ulike eigarar i Sverige, England og Norge kom båten i 1994 tilbake til Vestlandet som veteranbåt.

Sommaren 1971: Selt til Skagerak Kryss AB / v. Helmer Porre, Marstrand, Sverige. Omdøpt «Marina». Gikk turer i skjærgården i Bohuslän.

10. januar 1973: Konkurs. Overtatt av Forsikrings-AS Dovre, Oslo som kreditor.
Mai 1976: Selt til Torbay Sea Cruises Ltd., Brixham, UK. Omdøypt til «Midland».

Oktober 1976: Selt til S. M. Ali; Brixham, England. Omdøypt «St. Lucy». Opplagt i St. Katharines Dock, London. Nytta som flytande demonstrasjonssenter for vernetiltak på arbeidsplassar. Blei seinare selt til F. J. Pither & D. Latto, London, England. Blei liggande på same stad som flytande klubbhus.

April 1987: Selt til Per Fagerlid-Olsen AS, Svelvik. Omdøypt «Sunrise II». Nytta til charterturar i Oslofjorden.
1991: Gjekk på land ved Drøbak da styrestaget røk. Reparert.

August 1994: Tilbake til Vestlandet! Selt til Stiftelsen Midthordlands Dampskibsselskab, Fjøsanger/reg. Bergen. Omdøypt «Midthordland» igjen.

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.