Kultur | 19. sep. 2017

Musikalsk Grytten-premiere

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

Musikalsk Grytten-premiere
Desse fem står på scenen når Riksteateret har turnépremiere på Frode Grytten sin framsyning Albert og Anna onsdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. sep. 2017 13:29

Bildeserie:

Riksteatet vitja Os gymnas tysdag ettermiddag (foto: AH)
Riksteatet vitja Os gymnas tysdag ettermiddag (foto: AH)
1 av 1
Riksteatet vitja Os gymnas tysdag ettermiddag (foto: AH)

Onsdag har Riksteateret turnépremiere på Frode Grytten sitt stykke «Albert og Anna» i Oseana. Stykket handlar kort oppsummert om kjærleiken og blir styrka av det musikalske tonefølgje som Espen Leite står for.

– Det er ikkje utan grunn at regissør Hildegun Riise umiddelbart tenkte på Espen då ho las manuset. Det er ei gåve å ha med Espen, han er ekstremt lyttande og legg musikken som eit underlag for teksten, skryt Kristoffer Sagmo Aalberg.

– Vi er jo fem på scene. Espen er ein del av paret Albert og Anna og understrekar med musikken korleis livet deira var, supplerar Stine Robin Berg Hansen.

– Stykket hadde vore mykje fattigare utan musikken. Espen er alt det usagte. Det vi ikkje seier kjem i musikken, legg nestor Sverre Bentzen til.

Musikaren sjølv fortel at det var ei enkel oppgåve å seie ja til oppdraget.

– Stykket er jo skriven av ein musikar. Det er jo ein flyt i forteljinga som er musikk. I allefall høyre eg det i hovudet mitt, då eg las manuset første gang, fortel Espen Leite.

Den smertefulle kjærleiken

Stykket handlar om Albert og Anna, spelt av Sverre Bentzen (75) og Kari Simonsen (80). Kjæresteparet som har delt eit heilt liv saman, men som no er i ferd med å gli frå kvarandre då Anna forsvinn inn i si eiga verd.

– Eg ville veldig gjerne spela Anna då eg las manuset. Det er så vakkert og poetisk i all si forferdelegheit når eg forsvinn i demens, forklarar Simonsen.

– Det handlar om kjærleiken i mange variantar og fasetter, ikkje om demens primært, men om kjærleik gjennom eit langt liv, men si smerte og glede og korleis reaksjonane er på det, supplerar Bentzen.

Modig om kjærleiken

I stykket får ein innblikk i Albert og Anna sitt liv, satt i scene av dei unge utgåvene av paret, Stine Robin Berg Hansen (28) og Kristoffer Sagmo Aalberg (38).

– Frode Grytten har vore modig når han skriv om kjærleiken slik det er i kvardagen. Dette er noko mange vil kunne kjenna seg att i. Det var ei openbaring å lesa dette manuset. Eg blei så rørt då eg las det, seie Sagmo Aalberg.

– I tillegg er det modig i si oppbygging, kor han ikkje følgjer den klassiske dramatiske oppbygginga, men lar oss kommentera oss sjølv blant anna. Det er eit meget spelbart stykke for skodespelarane, supplerer Bentzen.

Gjensidig glede

Det er andre gang Riksteateret legg ei turnépremiere til Oseana. Sist var då dei hadde premiere på «Fruen frå Havet» i 2012.

– Det er ikkje tilfeldig. Oseana er blant dei beste stedene våre. Uansett kva vi kjem med så er det stinn brakke. Nokre av publikummerane er dei samen, men det er jammen meg mange nye også. Kva dei gjer her veit eg ikkje, men dei er dyktige, skryt informasjonssjef Mette Hægeland Blom.

– For oss er det ei glede å få Riksteateret på vitjing. Dei er einsbetydande med kvalitet. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde vi ikkje fått slike framsyningar som Albert og Anna til Oseana. Det eg også tykkjer er kjempekult er at de no skal på skulebesøk og at de tek seg tid til det i ei travel førpremieretid. Samarbeidet skule, teater og Oseana er jo noko vi jobbar mykje med, repliserar Oseana-direktør, Ole Tobias Lindeberg.

Fekk høyra om teaterlivet

Og skulebesøket gjekk til Os gymnas og 3A kor Berg Hansen og Sagmo Aalberg saman med Hægeland Blom lot elevane få eit innblikk i kor mangslungent teateret eigentleg er.

– Det er ikkje berre skodespelarar og dei de ser på scenen. I Riksteateret har vi i tillegg til skodespelarane som er freelance, 80 faste ansatte som representerer 27 ulike faggrupper. Det betyr at ein må ikkje vera skodespelar for å jobba på teateret. Ein like god inngang er å ta ei fagutdanning eller ei anna retning, fortalde Hægeland Blom.

– Ta det med ro og bruk den tida de treng. Om de ikkje veit kva de skal bli når de går ut frå skulen neste år, så ta eit år på folkehøgskule. De har det ikkje travelt, supplerte og avrunda Kristoffer Sagmo Aalberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.