Jone Kuven er ein av komponistane som deltek på kurset på Haugland (privat foto)

Musikk frå Gullkysten

I april starta Jone Kuven på "komponist-skulen" på Haugland. Søndag om vel ei veke får han og seks andre komponistar urframført verka sine.

image
image
Av: Andris Hamre

Glenn Erik Haugland starta i vår prosjektet «Session Studio E39» heime på Haugland. Åtte komponistar deltek på "skulen" og får søndag 11. oktober framført kvart sitt verk på omlag tre minutt av musikarane Heidi Luosujärvi og Inger Kristine Rieber på konserten som har fått tittelen «Musikk frå Gullkysten».

– Sju av dei åtte som deltek på Session Studio E39 får denne søndagen framført kvart sitt tre-minutters verk av Heidi og Inger Kristine på trekkspel og piano i Griegsamlinga på Oseana, fortel Haugland.

To frå Os

Sjølv om prosjektet først og framst retta seg mot unge komponistar, har også røynde musikkskaparar vore med.

– To av dei som deltek er osingar. Jone Kuven er eit ungt multitalent, som virkeleg er ein musikalsk begava fyr. Den andre kjenner kanskje mange osingar frå folkemusikken, Nordvald Kobbeltvedt syner at at det aldri er for seint å ta til seg nye inntrykk og lærdom.

– I tillegg til disse to osingane, skal Tonje Hernes, som nettopp har avslutta komponistutdanninga si på Greigakademiet vera med på konserten.

– Det har vore utruleg inspirerande for meg som lærar å ha dei åtte "elevane" gjennom våren og sommaren, fortel Glenn Erik Haugland.

Variert og spennande

Komponist-nestoren lovar at det blir ein spennande og variert konsert.

– Deltakarane er ulike typer, og det speglar seg i musikken. Den har blitt veldig forskjellig frå det vare og melodiøse til meir uttrykksfullt og rytmisk. Det har vore utruleg spennande å følgje dei får dei første spede forsøka til der dei er no. Dei har alle blitt komponistar.

Unikt i Noreg

Tilbodet Haugland har skapt i studioet heime på garden har blitt lagt merke til i musikk-Noreg.

– Mellomanna har vi no kontakt med Noregs Musikkhøgskule og har innleia eit formelt samarbeid, kor vi mellomanna får forelesarar frå dei kostnadsfritt. I tillegg får deltakarane tilgang til musikkhøgskulen sine lokaler.

– No er ikkje dette ei formell utdanning, men musikkhøgskulen har fått med seg at vi lærar dei dei ulike teknikkane både reint datateknisk, men òg musikalsk.

– Eg håpar osingane er litt nysgjerrige på kva dei har klart å skapa i løpet av desse fem månadane, avsluttar Haugland.

Komponistane

Jone Kuven - 18 år gamal frå Os. Går på Langhaugen vgs og ønskjer å utdanne seg til å bli komponist.

Aina Hatlevik - 30 år frå Bømlo. Har musikkutdanning frå ulike skular og satser no på å komponere musikk.

Geir Brekke - 60 år frå Sunnhordaland. Arkitekt med bakgrunn som gitarist i ulike band. Har som mål å fylle eit heilt album med sin eigen musikk.

Amund Bramness Vaage - 18 år frå Kvinnherad. Går på Stord vidaregåande skule. Er i full gang med å studere komposisjon.

Anne Goro Tronsmo Haugland - 28 år frå Os/Oslo. Fiolinist som også utdannar seg innan dans, og har som mål å lage musikk til sine eigne framsyningar.

Eric Tryland - 16 år frå Kristiansand. Går på Konshaug Musikkgymnas og har bakgrunn innan elektronisk musikk.

Grethe-Johanne Knudsen - 16 år frå fra Ørnes i Nordland. Låtskriver med spesiell teft for gode melodiar. 

I tillegg vil den velkjente korkomponisten og osingen Norvald Johan Kobbeltvedt (66 år) få urframført eit nytt verk for duoen.