Sport | 04. sep. 2016

Mykje jubel i Lysefjorden

Bildeserie: Dei siste tre dagane har 80 fotballag leika seg i regn og strålande sol i Framo Lysekloster idrettspark.

Mykje jubel i Lysefjorden
Lysekloster-jentene fryda seg over skåring på heimebane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. sep. 2016 18:53

Bildeserie:

To jenteklassar blei slått saman så alle fekk spela. (Foto: KVB)
To jenteklassar blei slått saman så alle fekk spela. (Foto: KVB)
Kristian Bruarøy var nøgd etter at Øyglimt sine jenter slo Os. (Foto: KVB)
Kristian Bruarøy var nøgd etter at Øyglimt sine jenter slo Os. (Foto: KVB)
Men mot eldre Jada-jenter blei det tøft. (Foto: KVB)
Men mot eldre Jada-jenter blei det tøft. (Foto: KVB)
Her var det foreldra frå down town Os som kunne smila breiast. (Foto: KVB)
Her var det foreldra frå down town Os som kunne smila breiast. (Foto: KVB)
Dette skotet gjekk rett i mål. (Foto: KVB)
Dette skotet gjekk rett i mål. (Foto: KVB)
– Med deg! (Foto: KVB)
– Med deg! (Foto: KVB)
Gratulasjonar etter skåring. (Foto: KVB)
Gratulasjonar etter skåring. (Foto: KVB)
Når storebror til Bjørn Dahl (Rune) snakkar er det best å lytta. (Foto: KVB)
Når storebror til Bjørn Dahl (Rune) snakkar er det best å lytta. (Foto: KVB)
Godt humør før kampstart. (Foto: KVB)
Godt humør før kampstart. (Foto: KVB)
Bra raid mot mål i første speleminutt. (Foto: KVB)
Bra raid mot mål i første speleminutt. (Foto: KVB)
Corner er ikkje alltid mål. (Foto: KVB)
Corner er ikkje alltid mål. (Foto: KVB)
Tomas Fiksdal på nyetribunen, som var ekstra god i regnet laurdag. (Foto: KVB)
Tomas Fiksdal på nyetribunen, som var ekstra god i regnet laurdag. (Foto: KVB)
1 av 12

Frå fredag til søndag har årets Lysekloster Cup blitt arrangert.

– Sjuarkampane gjekk fredag kveld og laurdag fram til klokka 12, så var det femmarfotball ut dagen og heile dagen i dag, fortel cupansvarleg Tomas Fiksdal.

Cupen er for spelarar frå 2. til 7. klasse, 7 til 12 år, og held seg stabilt på rundt 80 påmeldte lag.

– Dessverre var det litt få jentelag, to årstrinn utgjekk, to andre blei slått saman så vi fekk nok kampar.

Kjekke og flinke dommarar

– Med frihelg for A-laget har vi hatt ekstra god hjelp på dommarsida.

– Saman med seniorane har vi hatt med oss gutar 14 på dugnad, og eg ser at det er kjekt for desse yngste å vera på feltet med både ungdomane og heltane frå 2. divisjon.

Fekk bruk for taket på tribunen

Søndag var det skyfri himmel, fin temperatur og nesten ikkje vind i Os.

Laurdag var det nokre voldsomme regnbyger.

– Det regna også fredag kveld, men med lett regn og flomlysa på blei det nesten magisk stemning her. Tribunen med tak var endå betre å ha i går, men det gjekk heilt fint denne dagen òg.

Lysekloster har to kioskar, noko som òg kom godt med når spelarar, søsken, foreldre og besteforeldre ville ha påfyll av energi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.