Sport | 23. juni 2017

Mykje sprell på moloen

Niklas var ein av fleire som fekk fisk med fiskelaget torsdag ettermiddag. Onsdag står Oselvo for tur.

Mykje sprell på moloen
Niklas Helgesen (8), her saman med pappa Thomas, fekk ein fin makrell då han stilte på «Fiskesommer» torsdag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. juni 2017 07:18

Bildeserie:

Håvard tok med seg morfar til moloen. (Foto: KVB)

Sander André Solholm (6,5) viste fangsten til Remi Lindborg. (Privat foto)

Grete og Svanhild fekk sving på stanga. (Foto: KVB)

Grete og Hedda med fin fangst. (Foto: KVB)

Men ikkje alle dei vaksne fekk fisk. (Foto: KVB)

Remi Lindborg var på kurs med Hilde Boge Andersen då han var ung og blei hekta på fiske. (Foto: KVB)

Etterpå fekk ungane læra å sløya. (Foto: KVB)

Noah, Emil, Filip og Mika heldt seg på stupebrettet. (Foto: KVB)

Emil feira at dei fire i går var ferdige på barneskulen. (Foto: KVB)

1 av 9

I går hadde Os Jakt og Fiskelag årets «Fiskesommer»-arrangement på moloen ved Oseana.

Over ti ungar møtte fram, og fleire fekk fisk. Stille fjord, lite nedbør og godt oppmøte gjorde arrangørane nøgd.

– Dette var veldig kjekt! No håper vi å få med oss ein god gjeng i Oselvo på onsdag, seier leiar for ungdomsutvalet i laget, Remi Lindborg.

Blant dei som møtte fram i går var Hilde Boge Andersen, tidlegare styremedlem i jakt- og fiskelaget både Os og på fylkesnivå. Det var Hilde som leia kurset der Remi som ungdom blei hekta på fiske.

• Les òg: Verdien av å ha det spennande utandørs

Dei vaksne som var med var minst like ivrige, både fedre, mødre og besteforeldre.

På kroken beit det både makrell og lyr, og etterpå fekk fleire av ungane vera med og sløya fisken.

– Ungane imponerte meg. Ei ung jente ba om å få kniven for å prøva. Det er fint når ungane i tidleg alder lærer kvar maten kjem frå, seier Per Egil Størksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.