Lokal | 19. juli 2017

Mykje stygg køyring

Politiet melder om mykje stygg køyring tysdag. Mann i 50-åra tatt utan førarkort.

Mykje stygg køyring
Politiet stoppa tysdag ein mann i 50-åra uten gyldig førarkort (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 19. juli 2017 07:20

Tysdag fekk politiet melding om stygg køyring fleire stader i Os.

– Det var både MC og bil som blei brukt og det blei gitt fleire muntlege pålegg.

– Klokka 1740 blei ein mann i 50-åra, med adresse i Os stoppa. Han køyrde utan gyldig førarkort. Det blei han fratatt tidlegare, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Os lensmannskontor.

Dyrdal fortel at politiet set liten pris på den ruskøyringa som har vore i distriktet den seinare tida og at folk som har blitt fråteke førarkortet held fram med å køyre.

– No var det ikkje rus i dette tilfellet, men det er likevel ikkje greitt å køyra utan førarkort, påpeiker Dyrdal.

Politiet har også fått melding om forstyrrande åtferd på privat adresse.

– Det ordna seg då vi tok ein prat med dei, avslutter lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.