Sport | 25. mars 2014

Nådde ikkje opp

Det blei for tøft for eit svekka Søre Neset i kampen om opprykk til 2. divisjon i volleyball.

Nådde ikkje opp
Søre Neset-jentene takka Morten Erikssen for innsatsen før kampen mot BSI. Erikssen blir no ansvarleg for rekrutteringa i volleyballen (foto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamretirsdag 25. mars 2014 07:40

Volleyballdamene til Søre Neset var etter ein god sesong klare for kvalifiseringsrunde til 2. divisjon mot BSI2, Nyborg2 og Kvernbitt. Sjølv med tap i første kamp mot BSI 2 heime i Oshallen levde håpet før dei to siste kampane i Haukelandshallen sundag.

– Håpet forsvann vel litt då vi fekk det eine forfallet etter det andre grunna skader og jobb inn mot helga.

– Vi hadde ikkje meir enn seks spelarar med oss til Haukelandshallen, fortel avtroppande trenar Morten Erikssen.

– Eit greit lag å tapa for

Kampen mot Kvernbitt blei ein jamn batalje over 5 sett. Søre Neset hamna bakpå og låg under etter å ha tapt 22-25 og 19-25 i dei to første setta.

– Jentene reiser seg meisterleg i dei to neste som dei vinn 25-20 og 25-22.

– Det siste settet tapar vi 7-15.

– Det å tapa for Kvernbitt var eigentleg heilt greit. Dei er ein fantastisk gjeng volleyballspelarar som vi har eit godt samarbeid og forhold til.

– Dei var rett og slett sterkare enn oss på sundag, fortel Erikssen.

Henta to 1. divisjonsspelarar

Like nøgd er ikkje Erikssen med kampen mot Nyborg 2.

– Nyborg hadde tydelegvis bestemt seg for at dei skulle ha den eine av dei to opprykksplassane og hadde henta ned to spelarar som normalt speler 1. divisjon.

– Det tykkjer eg ikkje er fair.

Kampen endar med tap i tre strake sett 15-25, 20-25 og 13-25.

Enorm skilnad

At det ikkje blei opprykk tek ikkje Søre Neset-jentene spesielt tungt i følgje Erikssen.

– Det er enorm forskjell på å spele 2. og 3. divisjon.

– Vi følte vel eigentleg på førehand at vi ikkje var førebudd for å ta det steget enno.

– Vi har hatt ein knallgod sesong kor jentene har tatt store steg samenlikna med fjorårssesongen, men framleis har vi mykje å jobbe med før vi er klare for 2. divisjon.

– Eit år til i 3. divisjon er inga krise, konkluderar Erikssen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.