Lokal | 24. aug. 2016

Nær 20 mm på ein time

Vêrvarslinga har sendt ut OBS-varsel for Hordaland. I Os ser det ut til å bli verst mellom klokka 13 og 14 onsdag.

Nær 20 mm på ein time
Slik ser varselet ut for Osøyro dei kommande timane (skjermskot frå yr.no)
Andris Hamreonsdag 24. aug. 2016 08:59

Eit lågtrykk frå Nordsjøen er på veg innover Vestlandet, difor har vêrvarslinga på Vestlandet sendt ut OBS-varsel i Hordaland. Det er venta 60 millimeter regn i løpet av berre få timar i ettermiddag.

– Utover dagen ventar vi overflatevatn, flaum og fare for både jordskred og flaumskred, seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Tone Kristin Taule.

Det er spesielt i indre og nordlege strøk i fylket meterologane venter dei store nedbørsmengdene.

Blautt mellom 13 og 14

Ser ein på timevarselet for Osøyro tyder varsla på at det er timen mellom 13 og 14 i formiddag vi skal få mest nedbør. Då kan det nemleg bli opp mot 18,8 millimeter i følgje prognosene.

Også i timene etter vil det regna godt, med inntil 7,1 mm frå 14 til 15 og 5,5 mm frå 15 til 16. Utover kvelden vil lavtrykket truleg passera oss og det vil bli opphald igjen.

– Det er vanskeleg å vite akkurat kvar nedbøren blir verst. Det er difor vi ber folk vere merksame, seier Taule til Nrk.no

Dette er varselet Vêrvarslinga har sendt ut:

I dag, onsdag, lokalt mykje nedbør. I ettermiddag og kveld kan det lokalt kome 40–60 mm i løpet 6 timar. Fare for lokal flaum, små jordskred og/eller flaumskred der byene treff. Følg vêrradar og oppdatert informasjon på varsom.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.