Nær fullsett

VIDEO: Romjulsdugnaden til inntekt for Sigrid Tvedt og Vindfanget med mange av bygdas musikarar samla ei nær fullsett Os kyrkje torsdag kveld.

Av: Andris Hamre

I fjor starta dei tidlegare Join Us-kollegaene Ingvild Hetleflåt og Hallgeir Bjørnevik det som forhåpentlegvis blir ein tradisjon. Torsdag samla store delar av Osbygda sitt musikkmiljø seg i Os kyrkje for å halde romjulskonsert til inntekt for arbeidet Sigrid Tvedt og Vindfanget gjer for dei som har det litt vanskelegare.

Skal ein døme av frammøte er denne konserten eit kjært og velkomen tilbud i romjula. Ei nær fullsatt Os kyrkje fekk med seg eit variert, vakkert og stemningsfullt program.

Det heile starta med gåsehudfaktor då Marita Hjelle, Jan Atle Åserød og Heine Salbu framførte Sivert Høyem sin "Prisoner of the road" før Jone Moland framførte eit sterkt dikt.

- Då eg var yngre bestemte eg og nokre kameratar oss for å ta ei overdose heroin. Berre eg overlevde.

- Ein annan kamerat av oss skreiv då dette diktet eg skal framføre, innleia Jone Moland før han leste diktet utanatt og med innleving.

Perler på ei snor

Etter den sterke innleiinga kom den eine perla etter den andre. Leif Østrem og Annveig M. Fjellstad med "Skyfri himmel", Kristina Sørås med "His eye in on the sparrow" før Orbo & The Longshots og Vondt i ryggen fulgte opp.

Truleg sto unge Frida Bjørnevik for kveldens største prestasjon då ho framførte "Himmel på jord" saman med Solfrid Botnevik og Hallgeir Bjørnevik.

- Det var rørande vakkert. Frida var ikkje berre den yngste, men òg den modigaste i kveld, var orda som gjekk igjen etter konserten.

Blomane Vindfanget-leiar Gunvor Lenonsen fekk under konserten gav ho fortjent vidare til vesle Frida.

Samla inn vel 30.000

Konserten var tradisjonen tru gratis, men gjestane hadde likevel med seg lommeboka og gav godt i kollekten ved utgangen.

- Vi fekk inn 30.289 kroner fortel initiativtakar Hallgeir Bjørnevik etter at oppteljinga var gjennomført.

- Det er vi kjempenøgd med, og det synar at folk sett pris på det arbeidet til både Sigrid og Vindfanget.

- Er romjulskonserten ein tradisjon no?

- Ja, etter andre gangen er det det. No har vi fått rutina på å arrangere den og med dei fantastiske artistane som stiller gratis opp reknar eg med ny konsert om eit år, avsluttar Hallgeir Bjørnevik.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Erling H. Lunde heidra på Ulven

22. juli 2017

XU-agent Erling H. Lunde blei fredag heidra for sin innsats for under 2. verdskrig. Les den dramatiske historia då Gestapo arresterte han her.

bilde-midtsiden

Sommaraction i Mobergsvikjo

22. juli 2017

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

bilde-midtsiden

Seier nei til flytting

21. juli 2017

Hamnesjefen • Miljødirektoratet har avslått søknaden om å flytta knoppsvanene frå Oselvo til Tysnes.

bilde-midtsiden

Fann tjuvgods etter innbrot i garasje

21. juli 2017

Politiet: • Rusa mann i bar overkropp balanserte langs E39 • Fann motorsag etter innbrot • Ber om tips om svart bil med spoiler.

bilde-midtsiden

– Heile rommet blei ommøblert

21. juli 2017

Osingane Anders Grov og Madelen Bergesen Olsen var på Kos då ferieparadiset blei råka av kraftig jordskjelv.