Sport | 16. mars 2018

Nær noregsrekord innandørs

Kristine Moberg éin centimeter bak noregsrekorden innandørs.

Nær noregsrekord innandørs
Kristine Moberg hoppa 2,92 centimeter i lengde uten tilløp, berre éin centimeter bak noregsrekorden (foto: Os Friidrett)
Andris Hamrefredag 16. mars 2018 14:26

Bildeserie:

73 deltakarar frå fem klubber stilte i meisterskapet (foto: Os Friidrett)
73 deltakarar frå fem klubber stilte i meisterskapet (foto: Os Friidrett)
Høgde utan tilløp var ein av øvingane (foto: Os Friidrett)
Høgde utan tilløp var ein av øvingane (foto: Os Friidrett)
Os Roklubb stilte med få utøvarar, men gjorde det bra i konkurransen (foto: Os Roklubb)
Os Roklubb stilte med få utøvarar, men gjorde det bra i konkurransen (foto: Os Roklubb)
1 av 3
73 deltakarar frå fem klubber stilte i meisterskapet (foto: Os Friidrett)
Høgde utan tilløp var ein av øvingane (foto: Os Friidrett)
Os Roklubb stilte med få utøvarar, men gjorde det bra i konkurransen (foto: Os Roklubb)

Onsdag arrangerte Os Friidrett innandørs Osmesterskap i høgde utan tilløp, lengde utan tilløp og tresteg.

– Vi hadde 73 deltakarar frå Os Turn, Lysekloster, Søfteland, Os Roklubb og Ålesund FIK, fortel Åge Gulbrandsøy i Os Friidrett.

Tangerte 37 år gamal rekord

Det var mange store prestasjonar under meisterskapen, men det største sto truleg Kristine Moberg, Os Turn, for. Ho hoppa 2,92 centimeter i lengde utan tilløp for kvinner senior.

– Fram til NM i februar i år var det noregsrekord. Den blei satt i 1981 av Annelin Mannes, men blei altså slått med éin centimeter tidlegare i vinter, fortel Gulbrandsøy.

Andre resultat frå stemnet som ligg i noregstoppen var;

  • Tresteg u/t - Sofie Olsvold Haugsberg, 6,86 – 3. plass på norgesstatestikken i år for J18/19
  • Tresteg u/t - Tuva O. Klyve, 5,98 – 5. plass på norgesstatistikken i år for J14
  • Tresteg u/t - Kristian Brandseth, 6,48 – 4. plass på norgesstatistikken i år for G14
  • Tresteg u/t - Martin Hjertaker, 6,14 – 2. plass på norgesstatistikken i år for G13
  • Høyde u/t - Martin Hjertaker 1,20 – 2. plass på statistikken G 13 i år.

– Eit supert arrangement

Rosjef Eirik Vevatne frå Os Roklubb skryt stort av arrangementet.

– Vi vil få takka Os Turn for eit supert arrangement. No kom det på eit tidspunkt kor dei eldste roarane våre var opptekne med fysiske testar, men vi er særs nøgd med resultata roarane våre presterte.

– Linn Kristin Vevatne som stilte i rekruttklassen persa i alle øvelsane. Emil Heidal Haugland i G12 vann alle dei tre øvingane og Eivind Vevatne kom på 2. plass i tresteg og lengde, i tillegg til bronse i høgde, fortel Vevatne som var imponert over utøvarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.