Lokal | 21. juni 2016

Nær rekord for marknadsdagane

Heile 50 utstillarar er klare for marknadsdagane på Osøyro. – Det har vore utfordrande med arbeida som pågår i sentrumsgatene, men vi kjem i mål, smiler Geir Amundsen.

Nær rekord for marknadsdagane
Geir Amundsen gler seg over opprustinga av sentrum, sjølv om det har skapt litt ekstra hovudbry i planlegginga av marknadsdagane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. juni 2016 11:30

Geir Amundsen er i innspurten for sitt siste arrangement som dagleg leiar i Os sentrum. Og for ein avskjed han ser ut til å få. Heile 50 utstillarar har meldt seg på marknadsdagane som startar torsdag.

– Eg har 50 på lista no, då nærmar vi oss rekorden for nokre år sidan då vi enda på 58. No skal det seiast at å arrangera dager som dette er som ei levande organisme. Heilt fram til dagane er det skjer det endringar. Nokon kjem til og andre fell frå, men slik det ser ut no er vi 40 på torsdagen og 50 på fredag og laurdag, fortel Amundsen.

Kjekt, men slitsamt

Amundsen innrømmer at det er litt vemodig å vera i gang med førebuingane til det som blir hans siste arrangement for Os sentrum.

– Det er blanda. Kroppen gler seg over å komma i mål og kunne slappa av, men hovudet er ikkje heilt der. Det er så utruleg kjekt og gøy å halde på med, så litt trist er det.

Har vore utfordrande

Det såkalla bydraget er i ferd med å få nytt bygolv i granitt, noko som har vore ei lita utfordring i planlegginga av dagane.

– Ja, det har det. Vi har jo ikkje visst kor langt dei ville komma før dagane, så eg har måtte teikna om kartet over utstillarane nokre gonger. Men det er kjekt det. No byrjer vi jo å sjå konturane av korleis det kjem til å bli sjåande ut. Berre det er grunn god nok til å ta turen til Osøyro dei kommande dagane. Det blir kjempefint, slår Amundsen fast.

EL, mat, kjøken og handbak

Utstillarane som har meldt seg fevnar tradisjonen tru eit breitt spekter av varer, tenester og tilbod.

– På telthusplassen skal vi ha eit mattelt, kor vi per no har fire ulike leverandørar av mat. Blant anna gjer Havnechefens restaurant eit lite comeback i samband med marknadsdagane.

– Vi får ei rekkje variantar av elektrisk drivne framkomstmiddel. Her blir det ulike utstillarar med el-syklar, el-motorsyklar og el-bilar i tillegg til andre bilar.

– Det blir ulike handverksprodukt med smykker, klær og strikketøy, også kjem Elkjøp med kjøken.

– Ekstra kjekt er det å sjå dei frivillige laga og organisasjonane som kjem for å vise seg fram. Mellomanna kan du nok få testa kor sterk du er i armane hos Os Handbak klubb, smiler sentrumssjefen.

Fargerikt moteshow og talentfulle ungdommar

Laurdagen stiller fleire av butikkene i sentrum opp til moteshow på scenen klokka 13.

– Vi kan trygt seie at det blir eit fargerikt moteshow på så mange måtar. Denne gongen har vi fått ein del nye modellar som bur på Os, men som har sin opprinnelse frå andre land som Brasil, Chile, Litauen, Latvia, Russland, Angola, Thailand, Tyrkia og Noreg. Dette bør ein ikkje gå glipp av, fortel Tove Tvedt Skarstein i ei pressemelding.

– I tillegg til moteshowet blir det underhaldning frå scenen etterpå. Eg har ikkje heilt oversikt over kva dei kallar seg, men det er ein gjeng talentfulle ungdommar frå Os, Askøy og rundtomkring som skal gje oss musikalske godbitar, supplerer Geir Amundsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.