Lokal | 06. des. 2016

Næringsfond og lærarstillingar

Budsjett 2016: Venstre vil ha to nye stillingar på Nore Neset ungdomsskule og vidareføra to på Os ungdomsskule. Set òg av 1 million til nytt næringsfond.

Næringsfond og lærarstillingar
Jon Sivert Rykkel presenterte Venstre sitt framlegg til budsjett for 2016 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. des. 2016 08:24

I Vestre sitt budsjettframlegg for 2016, som Jon Sivert Rykkel presenterte i formannskapet tysdag kom det fram at dei vil vidareføra to av dei fire stillingane ved Os ungdomsskule og styrka Nore Neset ungdomsskule med to stillingar.

– Venstre set av kr. 4 000 000 til vidareføring av 2 stillingar ved Os ungdomsskule, samt 2 nye stillingar ved Nore Neset ungdomsskule. Innanfor dei midlane skal også ein stilling vidareførast i meistringsteamet.

Nyskaping og innovasjon

Partiet gjer òg framlegg om å oppretta eit nytt næringsfond på 1 million kroner.

–Venstre sett av kr 1 000 000 til eit næringsfond i kommunal regi. Eit kommunalt næringsfond skal nyttast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i kommunen. Tildeling av midlar bør gjerast av formannskapet etter innstilling frå næringssjefen.

Regulering og gratis leige

Som dei fire budsjettkameratane SP, TVS, MDG og AP vil også Venstre støtta oppstarten av ei omregulering av området på Søfteland.

– Venstre set av kr 50 000 i tilskot til Søfteland Turn og Idrettslag til arbeidet med regulering av området mellom Eikhaugen og Bergstø (som vist i møtet i formannskapet i september 2016).

– Venstre legg og inn ein sum på kr 500 000 til gratis leie av idrettshallane i kommunen for barn og ungdommar. Ei slik ordning vert praktisert i fleire andre kommunar i fylket, og Venstre meiner at det er på tide at ein det blir etablert ei slik ordning i Os, heiter det i budsjettframlegget kor partiet også tek til ordet for ei utgreiing av Halhjem barneskule som 1-7 skule og at ein samstundes vurderar å byggje ein idrettshall i tilknytning til skulen.

Vil ha ny E39-rapport

For å få ei uhild vurdering av konsekvensane av E39 Ferjefri vil partiet setta av 200 000 kroner til ei ny utgreiing.

– Den statlege planen om ny ferjefri E39 gjennom Os er det største inngrepet i naturen og bumiljøet i Os nokosinne. Dimensjonane og konsekvensane er så store at utgreiingane som er gjort i regi av Vegdirektoratet bør veies opp mot utgreiingar tinga av ein annan oppdragsgivar enn SVV. Venstre foreslår difor ei utredning om støy, miljø og naturkonsekvensar frå planane om ny E39 Os-Stord. Venstre set av kr 200 000 til tiltaket, argumenterar partiet i sitt budsjettframlegg. partiet ber òg om at ein snarast startar arbeidet med ny veg mellom Søfteland og Lyseparken og at ein støyskjermar uteområda ved Søfteland skule.

Dei auka kostnadane dekkjer partiet inn gjennom auka skatteinntekter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.