Næringssjef Daniel Skotheim trur mange i næringslivet har noko å læra av korleis dei jobbar kommersielt i Brann (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Næringslivet kan læra av Brann

Få blir så tett målt på resultat som Brann. – Korleis klarer dei å halde stø kurs når resultata svinger, undrar næringssjefen.

Av: Andris Hamre

Torsdag kjem kommersiell leiar i Brann, Camilla Schultz til frokostseminar i Bjørnafjorden Gründerpark for å dela sine erfaringar.

– I idretten svinger det mykje, kanskje spesielt for Brann som er ein av dei sterkaste merkevarene i Bergensområdet. Dei blir målt på tydelege resultat kvar helg. Vinn dei er alt på topp, taper dei er det "krise". Difor er det interessant å høyre korleis klubben tenkjer og jobbar frå overordna strategi til konkrete gjennomføring av marknadsaktivitetar, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Stø kurs i uroleg farvatn

Schultz vil gje eit innblikk i både teori og praktiske case frå kvardagen i Brann.

– I ein organisasjon som Brann så stilles det ekstra krav til å halde fokus på strategi og å vera tru mot planane ein har lagt. Det kan vera lett å prøve å sjå etter kjappe løysingar når resultata varierer. Brann meiner eg har lært seg å halde stø kurs med ein tydeleg strategi i botn. Det har dei hatt frå 1. divisjon til no dei er i eliteserien. Dei står i strategien og har tru på det dei held på med.

– Vi kjem òg til å få eit innblikk i korleis dei jobbar med konkrete målgrupper, mellom anna gjennom caset «Slik jobbar vi for å rekruttere barn og unge». Det er framleis plass til fleire, så det er berre å melda seg på, oppfordrar næringssjefen.

Camilla Schultz leiar eit dyktig team i Brann som har ansvaret for alle kommersielle inntekter, marknadsføring, merkevarebygging og samfunnsengasjementet til Brann. Ho har erfaring som marketingsjef i Sparebanken Vest, dagleg leiar i Salgs- og Reklameforeningen i Bergen og som salgsdirektør i Metis Education. Ho har utdanning innan marknadsføring, kommunikasjon og merkevarebygging frå BI og NHH.