Lokal | 29. aug. 2017

Næringslivet slår seg saman

Næringslivslaga i Os og Fusa vil slå seg saman. – Næringslivet skal gå foran når vi no blir Bjørnafjorden kommune, sa Kjetil Hestad i Fusa Næringslivslag.

Næringslivet slår seg saman
Kjetil Hestad, styreleiar i Fusa Næringslivslag, fortalde at dei to organisasjonane allereie har hatt første møte (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. aug. 2017 09:48

For å visa veg når Os og Fusa kommuner no blir Bjørnafjorden kommune, vil næringslivslaga i dei to kommunane slå seg saman.

– Vi har allereie hatt det første møtet mellom Fusa Næringslivslag og Os Næringsråd. Det var eit godt og hyggeleg møte, fortalde styreleiar i Fusa Næringslivslag, Kjetil Hestad då han møtte næringslivet i Os tysdag morgon.

Første halvdel 2018

Hestad fortalde at prosessen med å slå dei to laga saman skal gjerast på ein skikkeleg, og rett måte.

– No når dei to kommunane slår seg saman til Bjørnafjorden kommune med visjonen saman for vekst og utvikling, så er det inga grunn til at næringslivet skal venta. Vi skal gå foran.

– Forhåpentlegvis kan vi klare å kjøre prosessen slik at vi er ein organisasjon i løpet av første halvdel av 2018. Då har vi halvanna år å vise kva næringslivet på begge sider av fjorden kan gjera for den nye kommunen.

Skal heie på kvarandre

Styreleiaren peika på den spennande næringslivet som er i dei to kommunane.

– Vi er spente og ivrige til å få dette til. Vi skal tru på kvarandre og gjera kvarandre gode. Som fleire har sagt tidlegare i dag så skal den den nye vegen gå frå Bergen til Os og ikkje motsatt. Det genererer store moglegheiter for både Os og Fusa. Vi har politikarar som trur på næringslivet og vi ønskjer å vera organisasjonen som dreg næringslivet saman i den nye kommunen. Vi skal heia på kvarandre.

Jo fleire, jo betre

Hestad peika på nokre av kvalitetane som ligg i dei to kommunane. Os sin nærleik til Bergen og Fusa sine enorme næringsareal som er tilgjengelege.

– Det vi no saman må prøve å få til er å la næringslivet bli meir aktive i næringsråda. Når de går ut her frå i dag, så snakk med naboverksemda og be de bli med. Jo fleire vi blir, jo sterkare vil vi stå, avslutta Hestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.