Kultur | 13. apr. 2018

Nærmar seg ny milepæl

Eirik må synga seg vidare frå 30-talet for å få delta på det han sjølv kallar største delmål; 70-talet.

Nærmar seg ny milepæl
– Eg skal ikkje kle meg ut som Chaplin, men eg gler meg til å velja antrekk til 30-talskvelden, seier Eirik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. apr. 2018 11:41

Eirik Strønen Søfteland er blant deltakarane som framleis er med vidare i «Århundrets stemme» på TV2.

I morgon er det sending nummer 6 av 10, i runde 7 er det 70-talet.

– Eg trur 70-talet kjem omtrent midt i sesongen. Eg MÅ koma til 70-talet, sa Eirik til Midtsiden då det blei offisielt at han var blant deltakarane i første sesong av det nye konseptet på TV2.

Syng «Smile» frå depresjonstida

Men først må Eirik ta seg vidare i morgon. 30-talet, perioden etter børskrakket på Wall Street, den store depresjonen, dei harde trettiåra står på programmet.

Låten Eirik har valt er meir kanskje meir munter, «Smile» av Charlie Chaplin (1889-1977).

– Eg skal ikkje kle meg ut som Chaplin, men vi skal jo vera i stil med årstalet vi syng, så eg gler meg til å slå meg laus i klesskapet til TV2, seier Eirik.

Han reistetil Oslo fredag morgon for å førebu seg til sendinga laurdag kveld.

Michael Jackson sin favoritt

Chaplin er kanskje best kjent som komikar, skodespelar og regissør, men var òg komponist, og skreiv musikk til fleire av flmane sine.

«Smile» er komponert for filmen Moderne tider (1936). Låten blei ein slager då nyutsending av filmen på 50-talet blei promotert, og songen fekk ein tekst som Nat King Cole hadde vokalen på.

«Smile» nådde 2. plass på dei britiske listene og var ein av Michael Jackson sine favorittar.

– Like spennande som Idol og Skal vi danse

Sjølv om osingen har gjort det fantastisk bra i både Idol (2. plass) og Skal vi danse (1. plass) - og var den som fekk flest stemmer på premieren på «Århundrets stemme», er følelesen mykje den same når det kjem til slutten av kvelden og nokon skal ryka ut.

– Du kan ha ulik kjensle ut frå kor god du meiner framføringa di var, men det treng ikkje å bety at du er vidare.

– Eg har alltid vore ganske avslappa før sending, og meir no enn då eg deltok i andre program. Eg har jo blitt eldre og meir erfaren.

– Men lysten til å gå vidare, og spenninga når stemmene er talte opp, er like stor.

Slepp singel nummer to om ei veke

I dag kjem Eirik sitt band «Sipher» med teaser til ny singel, om ei veke slepp dei låten «Disco Aces».

Førre låt, «Atlas», blei godt mottatt og fekk terningkast 5 i BT.

• Les òg: Ei god helg for Eirik Søfteland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.