Sandra Hauge frå Os deltar i «Adam søker Eva», som har premiere på TV Norge torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gru-gler seg til naken-premiere

Torsdag er det premiere på «Adam søker Eva». Sandra Hauge veit ikkje kven som meldte ho på, men angrar ikkje på at ho var med.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I juni blei det kjent at Sandra Hauge (23) frå Os er blant deltakarane i TV Norge si naken-satsing «Adam søker Eva».

I motsetnad til nakendate sendingar i USA og andre land i Europa blir det ingen sensur hos TV Norge, som har Sandra på skjermen når programmet har premiere i morgon.

Tok tenkepause i tre dagar

Sandra fortel at ho framleis ikkje veit kven som meldte ho på programmet, ho fekk berre ein telefon frå TV Norge.

– Men eg har ein mistanke, for eg meldte på to kameratar på tull. Ingen av dei innrømmer å stå bak påmeldinga, men det er nok ein viss sjanse for at det er ein av dei, seier Sandra til Midtsiden.

Ho fekk tre dagar å svara på.

– Kva var det som gjorde at du fekk lyst å delta? Har du erfaring innan modellyrket eller har du eit forhold til naturisme?

– Eg har hatt nokre små modelloppdrag, blant anna for Riley6, men eg har aldri vore på ei nudiststrand. Å delta i dette programmet hadde ikkje noko med kropp å gjera, det var meir det å oppleva konseptet, å gjera seg så sårbar på ein blind-date.

Sandra snakka med både mor, far og søster om dette før ho bestemte seg.

– Mor og far var skeptiske, men eg fekk støtte av søstra mi.

Fekk ikkje førebu seg

Etter at ho takka ja fekk ho beskjed om at det ikkje blei plass til ho i sendinga likevel, dei hadde ikkje funne ein match til Sandra.

– Så du førebudde deg ikkje med solarium og trening?

– Nei. Eg hadde faktisk ete mykje usunt då dei ringte, to veker før avreise, og sa at dei likevel ville ha meg med. Då angra eg på all drittmaten eg nettopp hadde ete, seier Sandra og ler.

Reiste med kvar sitt fly

Frå februar til juni måtte Sandra halda innspelinga hemmeleg. Ho sa til venar at ho skulle på ferie til Thailand mens ho var til Filippinene med TV Norge.

– Ingen av deltakarane møtte kvarandre før vi var på øya. Vi reiste med kvar sitt fly og budde på kvar våre hotell. Då vi gjekk i byen før innspeling gjekk vi med vakt, og det var berre bestemte gater kvar av oss hadde lov å gå.

Så blei éin og éin køyrd til øya med båt for innspeling.

Konsentrerte seg om å sjå ned

I morgon får vi sjå korleis Sandra sin date gjekk. Det ho hugsar best er at ho var veldig flau.

– Eg trur eg heldt meg litt for mykje for ansiktet ved første møte. Eg konsentrerte meg om ikkje å sjå ned, men har var så høg at eg uansett måtte sjå opp, seier Sandra og ler.

Å vera eit døgn på øya utan klede var ikkje berre flaut.

– Det var jo deilig å symja naken, og då ikkje kamera var tett på kjentes det greit ut etter ei stund. Men det skumlaste var då eg nesten kom borti ein slange som svømte i sjøen. Innfødde som var med på øya fortalde at den er blant dei giftigaste i verda, at eg berre ville hatt 8 minutt på meg om den beit.

Har fått fleire tilbod

Dei siste vekene har Sandra blitt intervjua både av TV2, VG, Dagbladet og Side 2.

– Du har nesten blitt frontfigur for programmet. Kvifor det?

– Eg veit ikkje, men det kan henda at det er fordi eg er deltakar på premieren.

Sandra har òg fått ulike kommentarar etter at ho har blitt kjent som deltakar i programmet.

– Heilt til no nyleg så har det berre vore positivt, men i det siste har det kome ein del kritiske meldingar, blant anna om kvifor eg ikkje kan halda kroppen min heilag. Det går ikkje inn på meg i det heile tatt, folk vel sjølv om dei vil sjå på programmet.

Nokre tilbod har det også kome. Eit filmtilbod frå USA var av ein kategori som ho bestemt takka nei til, mens andre er meir interessant.

– Eg har blitt kontakta i samband med eit anna TV-program, men det kan eg førebels ikkje fortelja noko om. Det har også kome tilbod om eit modelloppdrag. Ingen av desse handlar om å vera lettkledd, men det er for tidleg å seia om dei blir aktuelle, seier Sandra, dagen før premieren på «Adam søker Eva».

 

 

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.