Lokal | 07. sep. 2017

Når bossdagen blir ekstra lang

Komisk «langtransport» på E39.

Når bossdagen blir ekstra lang
Dette bosspannet fekk seg ein god luftetur i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2017 19:18

Har du eit stykke å gå med spannet ditt når det er tømmedag for bosset? Då veit du sikkert at det kan vera praktisk å hekta det på hengarfestet på bilen til og frå husveggen.

Trass romlelyden du skulle tru at spannet lager, hender det likevel at enkelte av og til gløymer å hekta det av, og tar bosspannet med på tur.

– Eg veit ikkje kor langt vedkomande har køyrd med dette spannet, eg oppdaga det ikkje før eg nærma meg Uno X, Flaterås og rundkøyringa ved Industrivegen, fortel ein Midtsiden-lesar.

Det var litt før klokka 15.30 i dag at han la merke til den noko komiske langtransporten framfor seg.

– Det såg ut som om nokon køyrde opp på sida av bilen og gav beskjed. Eg køyrde til høgre i rundkøyringa, mot Halhjem, denne bilen køyrde til venstre, anten mot Os eller kanskje tilbake der vedkomande kom frå.

– På veg til Bir sin gjenbruksstasjon var bilføraren i alle fall ikkje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.