Lokal | 15. aug. 2014

Når byrjar skulen?

Rekordmange 333 førsteklassingar og til saman 2.635 elevar i grunnskulen i Os: Her er ei oversikt over start og elevtal ved kvar skule.

Når byrjar skulen?
55 elevar startar i første klassetrinn hos 100-årsjubilanten Os barneskule (foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandfredag 15. aug. 2014 07:10

Etter ein lang og over snittet varm sommarferie byrjar no kvardagen igjen for dei fleste. Måndag er første skuledag for barne- og ungdomskulane i Os, og for to av dei vidaregåande skulane i kommunen.

Skulestrukturen endrar seg for mange dette skuleåret.

På Nore Neset opnar den nye ungdomskulen og skil lag med barneskulen. For fleire av krinsane betyr det at elevane flyttar frå Søfteland og Os ungdomskule og inn i nye lokale på Nore Neset.

Rekordmange førsteklassingar

333 nye førsteklassingar troppar måndag morgon opp på sin skule for å læra å lesa og rekna.

– Frå november 2011 har vi auka med seksti nye elevar kvart år.

– 2008-kullet som startar no er veldig stort, fortel Knut Vidar Garlid, rådgjevar for oppvekst og kultur i Os kommune.

Totalt er det 2 635 elevar som måndag skal starta i dei ulike trinna i grunnskulen (1. til 10. klasse) på skulane i Os.

Elevane er fordelt sånn (tal på elevar i 1. klasse i parentes):
Os barneskule: 364 (55)
Nore Neset barneskule: 339 (61)
Kuventræ barneskule: 298 (56)
Lunde barneskule: 274 (40)
Søfteland barneskule: 167 (32)
Lysekloster barneskule: 140 (26)
Søre Øyane barneskule: 122 (19)
Halhjem barneskule (1. - 4. trinn): 71 (22)
Hegglandsdalen barneskule: 58 (11)
Strøno barneskule: 55 (11)

Os ungdomsskule: 419 (0)
Nore Neset ungdomsskule: 328 (0)

Når startar dei?

Her er ei oversikt over klokkesletta dei ulike skulane opnar dørene:

Barneskulane:

Halhjem barneskule
1. trinn: klokka 10.00-13.10
2.-4. trinn: klokka 08.30-13.10
SFO er ope som vanleg

Hegglandsdalen barneskule
1. trinn: klokka 09.30-13.10
2.-7. trinn: klokka 08.30-13.10
SFO: klokka 07.30-16.00

Kuventræ barneskule
1. trinn: klokka 09.30-13.20
2-4. trinn: klokka 08.30-13.20
5.-7. trinn: klokka 08.30-14.05
SFO start: klokka 07.00

Lunde barneskule
1. trinn: klokka 10.00-13.00
2.-4. trinn: klokka 08.15
5.-7. trinn startar klokka 08.45
SFO er ope som vanleg

Lysekloster barneskule
1.-7. trinn: klokka 08.15-12.20
SFO: 07.00 -17.00

Nore Neset barneskule
1.-7. trinn: klokka 08.30-13.10
SFO er ope som vanleg

Os barneskule
1. trinn: klokka 09.00-12.25 (NB: Skulestart i gymsal)
2.-7. trinn: klokka 08.30
SFO er ope som vanleg

Strøno barneskule
1. trinn: klokka 10.00
2.-7. trinn: 08.15
SFO er ope som vanleg

Søfteland barneskule
1. trinn: klokka 09.00-12.40
2.-7. trinn: klokka 08.45-13.50
SFO: klokka 07.00-17.00

Søre Øyane barneskule
1.-7. trinn: klokka 08.30-13.30
SFO ope som vanleg

Ungdomsskular:

Nore Neset ungdomskule
8.-10. trinn: klokka 08.30-14.20

Os ungdomsskule
8.-10. trinn: 08.30-14.15

Vidaregåande skular:

Kongshaug Musikkgymnas
Starta skuleåret allereie i helga som var, med innkvartering og opningsfest.

Os Gymnas
Kl. 08.30 - 3. klasse
Kl. 10.00 - 2. klasse
Kl. 12.00 - 1. klasse

Os vidaregåande skule
Kl. 09.00 - Alle vg.3 klassane + dei 4 klassane på anleggsteknikk
Kl. 10.00 - Resten av klassane innan vg.2
Kl. 11.00 - Alle vg. 1 klassane, inkl. smågruppene

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.