Sport | 18. feb. 2018

Når ein datanerd blir PT

Jack Alexander har utvikla ein app for deg som vil ha personleg trenar uavhengig av om du er medlem på helsestudio eller trener heime.

Når ein datanerd blir PT
Jack Alexander har laga seg enkelt styrketreningsytstyr sjølv. Og ein app som passar også for dei som trener heime. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. feb. 2018 18:53

Bildeserie:

Jack møtte Janne på universitetet i Bournemouth. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jack møtte Janne på universitetet i Bournemouth. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Etter at han flytta til Noreg har han utvikla ein PT-app.
Etter at han flytta til Noreg har han utvikla ein PT-app.
Øvingane får du på video, framgangen din blir følgt nøye.
Øvingane får du på video, framgangen din blir følgt nøye.
Sjølv klarer Jack seg med enkelt utstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sjølv klarer Jack seg med enkelt utstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4
Jack møtte Janne på universitetet i Bournemouth. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Etter at han flytta til Noreg har han utvikla ein PT-app.
Øvingane får du på video, framgangen din blir følgt nøye.
Sjølv klarer Jack seg med enkelt utstyr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I mars i fjor flytta Jack Alexander frå den engelske kystbyen Bournemouth til kjærasten Janne Sperrevik i Lysefjorden i Os. Dei to møttest via felles studevenar ved universitetet.

Mens Janne fullførte mastergraden i sitt fag, hoppa Jack av datavitskapstudiet etter to år.

– Eg har trent sidan eg var ungdom og fekk ei stadig aukande interesse for trening og ernæring, fortel Jack.

Han tok 10 månadar med utvida PT-utdanning og fekk jobb ved ein kiropraktorklinikk. Det gav han ytterlegare nyttige erfaringar.

Fekk bruk for datakunnskapen likevel

Etter flytting til Noreg har Jack rigga seg til i hagen med enkelt, heimelaga utstyr til styrketrening. Samtidig har han realisert ein idé han gjekk og bar på.

– Det er ei rekkje faktorar å ta omsyn til når du skal laga treningsprogram for nokon. Kor ofte har dei tid til å trena, kva utstyr har dei tilgjengeleg, kva bakgrunn har dei og kva er målsetnaden?

– Alt dette har eg jobba med å setja i system, eit system som skal skreddarsy både program og oppfølging av treninga og framgangen din.

Resultatet blei heimesida og appen «Academy Alexander».

Anten du vil løpa eller løfta

Ved å plotta inn data på Academy Alexander får du eit skreddarsydd treningsprogram. Øvingane er viste med video og forklart i tekst. Appen hjelper deg å logga treninga og framgangen, og varslar deg om du for eksempel har sett ein ny personleg rekord.

– Appen kan òg henta data frå programma som er knytte til dei mest kjente treningsklokkene, om du driv med løping eller går for å mosjonera.

Han har jobba med utviklinga av systemet sidan august. Venar og familie har vore prøvekaninar. Heimesida academyalexander.com blei lansert 31. januar, saman med appen. Firmaet skal få inntektene sine frå abonnement på denne tenesta.

– Så no er det berre til å setja seg ned og lata appen gjera jobben?

– He, he! Nei, no gjeld det å marknadsførar tenesta og å halda systemet ved like. Eg vil òg driva kontinuerlege forbetringar på tenesta.

– Målet er å by på eit rimeleg alternativ til ein levande PT, og å gje tilgang til PT òg for dei som ikkje er medlem på eit treningssenter. Samtidig trur eg at måten appen fungerer på både vil gjera det enkelt å trena smart og effektivt, og at den vil vera motiverande å bruka, seier Jack Alexander.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.