Nattspill

I natt blir det spela om heile Noregs rike

 
Ein Podcast-opera basert på «Fru Inger til Austrått» av Henrik Ibsen
 
NATTSPILL - Politisk drama som podcast-opera
Søndag 22 april blir eit operaprosjekt utanom det vanlege sjøsett. 32 ungdomar tar dagens politiske drama inn i middelaldaren der den mektigaste kvinna i landet, Fru Inger til Austrått spelar eit storpolitisk spel om makta i Norden.  År 1528 & år 2018 - tidene og omgjevnadane er forskjellige - er det nådelause maktspelet det same? Vi befinner oss i eit radiostudio der det blir gjort klart til å spele inn ein podcast som tek for seg Henrik Ibsen sitt uoversiktlege skodespel «Fru Inger til Austrått». Det handlar om Noregs mektigaste person i middelaldaren - Inger Ottesdotter Rømer - ei kvinne, omgitt av menn. Folket er urolege, danskane er bekymra for at svenskane skal ta over styringa av Noreg og Fru Inger bruker sine born i et intrikat spel på liv og død. - «For de andre gjelder det kun livet; for meg - tusen ganger mer»
 
År 1528 & år 2018 - tidene og omgjevnadane er forskjellige - det nådelause maktspelet er det same. Tre 16 år gamle programleiarar prøver å forstå spelet og forbindelsen mellom i dag og hendelsane på 1500-talet. Dei intervjuer dei unge operasongarane som har hovudrollane og knyt tema til dagsaktuelle, viktige spørsmål: Er det bruk for meg når eg ein gong skal ut i samfunnet? Kan eg forstå korleis det er å vekse opp utan å kjenne sin biologiske mor eller far? Kva er det som fører til at nokon blir så fartsblinde på makt at dei er villige til å gå over lik? Kvifor bruker foreldra borna sine for å realisera eigne draumar og behov? Korleis er det å føle seg redusert til ei brikke i eit uforståeleg spel?
 
Kva skjer når mektige aktørar forlet sine ideal og lar seg rive med av politisk spel? Kva skjer med samfunnet når politikerforakten veks? I tillegg til podcastarane og solistane spelar koret Polyfoni og eit orkester beståande av 12 unge musikarar frå Griegakademiet ei bærande rolle. Tre unge komponistar har skreve ny musikk som kommenterer handlinga i mellomspel.
 
- «Det er et farefullt spill jeg har vevet i kveld» Det er duka for ei høgst uvanleg og spanande operaoppsetting
 
 
Solistar
Melissa Baug
Silje Mørch
Simen Bredesen Hørthe
Chistina Jønsi
Kaia Rullestad Teigen
 
Podcastere
Una Seland Berntsen
Kaja Lyssand Nymoen
Natasja Smørholm
 
Vokalgruppa Polyfoni
Orkester fra Griegakademiet, Bergen
Komponistar fra Session Studio O
Jone Kuven
Aasmund Brekke
Ole Rørstad
 
Sceneaktørar
Marita Moe Sandven
Morten Brun
Randi Fossan Mæland
 
Dirigent
Ricardo Odriozola
Av
Heidi Tronsmo
Glenn Erik Haugland
Regi Heidi Tronsmo
Produksjon Glenn Erik Haugland
Lydopptak Peter Morrello
 
Ein kammeropera utvikla av Tronsmo/Haugland, i samarbeid med ungdomar frå Os og Fusa, og studentar ved Griegakademiet. 
 
Ord. 225,-
Honnør/student: 125,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 
 

Søndag, april 22, 2018 - 19:00