Lokal | 03. mai 2016

Negativ til uteservering

Statens vegvesen er negativ til iSushi sine planar om uteservering ved Hatvikvegen og Osbrua.

Negativ til uteservering
iSushi ønskjer å nytta plassen der bedet er i dag til uteservering. Det er vegvesenet negative til (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 03. mai 2016 09:38

Bildeserie:

Slik ser iSushi og ABO for seg bruken av området (ill: Os kommune)
Slik ser iSushi og ABO for seg bruken av området (ill: Os kommune)
1 av 1
Slik ser iSushi og ABO for seg bruken av området (ill: Os kommune)

Då Roger Johannessen fortalde om planane for iSushi i mars fortalde han òg at dei har eit mål om å få til ein uteservering framfor restauranten ut mot Hatvikvegen og hamna.

– Vi har òg eit mål om å få til ein uterestaurant, men eg har ikkje villa plaga kommunen med for mykje papirarbeid på éin gong. Der vil nok også vegvesenet uttala seg, sa Johannessen den gong.

Vil gjera bed til servering

No har iSushi opna dørene, og fått på plass både skjenkeløyve og shuffleboard.

Like glatt ser det ikkje ut til at etableringa av uteserveringa skal gå. 21. april sendte nemleg ABO Plan & Arkitektur på vegne av iSushi nabovarsel til både kommunen og Statens vegvesen der dei orienterte om planane for uteserveringa der ein vil erstatta det noverande bedet med område for servering (sjå teikning over).

Negativ til varig etablering

I svaret frå Statens vegvesen kjem det fram at dei ikkje utan vidare er positivt innstilt til tiltaket.

– Vi er negative til ei varig etablering av uteservering på staden, mellom anna fordi det ligg for nært veg og fordi vi på sikt ønskjer å utvida brua over elva for å få betre tilhøve for gåande og syklande på fylkesveg 552.

– Vi vil koma med ein utfyllande uttale til saka når/dersom vi får ho på høyring i samband med behandlinga etter plan- og bygningslova, skriv Kari Elster Moen på Plan- og forvaltningsseksjonen hos Statens vegvesen Vest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.