Administrasjonen tilrår politikarane å seie nei til oppstart av regulering av Bjørnefjorden Panorama (arkivfoto: KVB)

Negative til detaljregulering på Hauge

Vil venta på rullering av arealplanen: Administrasjonen rår politikarane frå å tillata oppstart av detaljregulering for Bjørnefjorden Panorama.

Av: Andris Hamre

I desember blei det kjend at eigedomsmassen til Bjørnefjorden Gjestetun AS var selt til Bybo AS

Kjetil Helland frå Bybo AS fortalde då at dei vil bygga bustadar på heile tomta og at ein ønskja å regulera om eigedomen frå LNF til bustad. 

Vil venta på arealplanen

I det kommande møte i Plan- og bygningsutvalet (PBU) skal politikarane ta stilling til om utbyggjar skal få starta opp arbeidet med regulering av den omlag 15 dekar store tomta. Administrasjonen si innstilling er negativ i det dei foreslår følgjande vedtak: «Plan- og bygningsutvalet (som ansvarleg planmynde) kan ikkje tilrå at det vert varsla oppstart av arbeid med regulering for Bjørnefjorden Panorama gnr./bnr. 63/455 og 464, i samsvar med søknad datert 08.03.17. Søknad er ikkje i samsvar med gjeldande arealplan og ligg i eit området som må vurderast i ein større samanheng i samband med rullering av arealplanen.»

– Området er i dag avsett til LNF, sjølv om dagens bruk er hotelldrift. Med omsyn til at kommunen har starta arbeid med rullering av kommuneplanens arealdel vil ikkje administrasjonen tilrå oppstart av reguleringsplan for Bjørnefjorden Gjestetun, grunna at i samband med denne prosessen er det naudsynt med ei overordna vurdering av utbygging på Hauge/langs Hatvikvegen, heiter det i grunngjevinga frå administrasjonen.

Basert på tidlegare ønskjer frå politikarane har administrasjonen òg laga eit alternativt framlegg til vedtak der ein tillet oppstart, men at ein forutset at det òg blir utarbeidd forslag til planprogram og konsekvensutgreiing med risiko- og sårbarheitsanalyse av planområdet.

80 bueiningar

I saksframlegget til politikerane kjem det fram at ein ønskjer å utvikla området med lågblokkbusetnad.

Førebels ser ein for seg bygging av om lag 80 bueiningar i blokker på 2-4 etasjar og ei utnyttingsgrad på om lag 35% BYA.

Fram til ei eventuell omregulering av eigedommen driv tre tidlegare tilsette Bjørnefjorden Gjestetun vidare.

Les òg: Ny giv på Bjørnefjorden Gjestetun 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Lite stemte for Os

17. oktober 2017

Det stemte verken framover eller bakover då Os møtte Fyllingen.

bilde-midtsiden

Bil i fjellveggen

17. oktober 2017

Ein mann er køyrd til legevakt etter ulykke nær Nordvik.

bilde-midtsiden

Først Stord - så Os

17. oktober 2017

Komipris-vinnar Christine Hope er i ferd med å starta vestlandsturneen sin.