Lokal | 20. apr. 2017

Nei og ja til tiggeforbod

KrF sentralt er imot tiggeforbodet. Lokalpolitiker Jakob Enerhaug ser annleis på saka.

Nei og ja til tiggeforbod
Jakob Enerhaug. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. apr. 2017 17:03

Tigging og organisert kriminalitet i rumenske miljø har vore i fokus denne veka, og i går sa ordførar Marie Bruarøy (H) og varaordførar Laila Reiertsen (Frp) at dei vil revidera politivedtektene og gå for å innføra tiggeforbod i Os kommune som del av vedtektene.

Då regjeringa i 2015 opna for at kommunar kunne vedta tiggeforbod, var Venstre og KrF imot dette.

Etter NRK sine avsløringer om det rumenske miljøet står KrF fast ved at tiggeforbod er eit blindspor.

– Prinsipielt meiner eg det er feil å forby menneske om å be om hjelp, seier stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til Nettavisen.

KrF vil heller styrka politiet for betre forebygging, og diskutera ny lovparagraf om grov menneskehandel.

– I utgangspunktet positiv

Jakob Enerhaug i Os KrF seier han i utgangspunktet deler posisjonen sitt syn i tiggesaka.

– Vi får sjå korleis saka blir lagt fram, men på bakgrunn av det inntrykket eg har fått til no så er et tiggeforbod i Os kommune noko eg er positiv til.

– Det har vore fleire tilfelle med til dels aggressiv framferd blant tiggarane i bygda. Sånn eg forstår det så er det ikkje eit spørsmål om ressursar til politiet lokalt, men om å ha eit mandat.

Vil følgja med

Mens eit tiggeforbod vil gjera det lettare å redusera omfanget av utanlandske, tilreisande tiggarar i Os, vil Enerhaug at Os kommune skal følgja med på at eit forbod ikkje rammar nokon.

– Samtidig er dette vanskeleg å sjå for seg. Saman med Nav og frivillige organisasjonar har vi eit apparat til å ta hand om dei som treng det, eg kan ikkje sjå at innbyggarar i Os skal bli ramma av eit tiggeforbod.

– Dersom det blir slik at politvedtektene for Os kommune får inkludert eit tiggarforbod, så bør vedtaket i kommunestyret inkludere at politivedtektene skal vurderast igjen om ikkje altfor lang tid, til dømes etter eit år.

– Dette for at Os kommune skal sjå til at uheldige og utilsikta effekter kan bli påvist og vedtektene, om nødvendig, blir korrigerte, meiner Enerhaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.