Annonse

Annonse

midtsiden

- Neppe fleire ras

Fjellveggen der det i natt gjekk eit steinras skal ifølgje vegvesenet sjå trygg ut.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, august 6, 2010 - 11:11

Natt til fredag gjekk det eit steinras på Moberg som sperra det eine kjørefeltet på avkjørsla frå E39 retning sør.

Vegtrafikksentralen rykte ut og dirigerte trafikken forbi steinane fram til dei blei fjerna i 7-tida fredag morgon.

I formiddag var Statens vegvesen og NCC på synfaring på Moberg.

- Vi vil sjekka staden og sjå om det er behov for å stenga den igjen, seier Sara Skutlaberg frå vegvesenet.

Saman med karane frå NCC fann ho staden der den største av steinane, ei blokk på rundt 1 x 1 meter, var før den raste ut.

- Fjellet rundt ser fint ut og resten av fjellveggen er godt bolta. Det ser ikkje ut til å vera fare for nye ras så vegen blir nok ikkje sperra.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

 
Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11