Sport | 26. mars 2015

Neste kvalik-kamp

Her er motstandarane til Os og Lysekloster i neste og avgjerande kamp om plass i årets NM.

Neste kvalik-kamp
Lysekloster-jubel etter Gaustad si 5-3-skåring mot Bjarg i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mars 2015 22:39

I går slo Lysekloster Bjarg 7-3 på heimebane mens Os vann 4-3 borte etter ekstraomgangar i første kvalifiseringsrunde til NM.

I dag kom trekninga til andre og siste kvalik-kamp og det blir ikkje, som ein del trudde, lokaloppgjer i heimkommunen.

Dei to 3. divisjonslaga frå Os kommune får desse motstandarane:

Lyngbø - Lysekloster
Os - Tertnes

Kampane skal spelast innan onsdag 8. april.

Lyngbø slo Frøya 2-1 borte i første kvalik, Tertnes slo Bergen Nord 2-1 borte i førre kamp.

Begge laga blir seriemotstandarar med Lysekloster i år. Lyngbø landa på 11. plass i Os og Lysekloster si avdeling i fjor, Tertnes kom på 4. plass i avdeling 8 i 2014.

Sjå lista over alle kampane i andre kvalifiseringsrunde på fotball.no.

Her er fleire komande NM-oppgjer frå 3. div avd 6 og 7:
Ålgård – Staal Jørpeland
Brodd – Åkra
Riska – Vardeneset
Randaberg – Vaulen
Stord Fotball – Sotra
Trio – Varegg
Follese – Øystese

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.