Lokal | 25. mai 2018

Nesten nøgd med Bahus sin bondepolitikk

– Dessverre er det ikkje alltid samsvar mellom teori og praksis når det kjem til arealbruk i Os, seier Harald Lekven (Sp).

Nesten nøgd med Bahus sin bondepolitikk
Harald Lekven (Sp) gav ros til Gustav Bahus (Frp), men er samtidig undrande til arealpolitikken som Bahus har drive dei siste åra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mai 2018 07:01

Bildeserie:

Gustav Bahus (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gustav Bahus (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torgeir H. Skjælaaen (MDG). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torgeir H. Skjælaaen (MDG). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Gustav Bahus (Frp). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torgeir H. Skjælaaen (MDG). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ei av sakene som var oppe i kommunestyret tysdag var høyringsnotat til «Temaplan for landbruk i Hordaland 2018-2022», eit dokument på 32 sider.

• Her kan du lesa heile (oskommune.no, PDF)

I planen er det definert tre hovudmål:
1. Styrka lønsemd i Hordalandslandbruket
2. Auka produksjon på lokale ressursar
3. Betre rekruttering til landbruket

Administrasjonen ved Bjørnefjorden landbrukskontor har skrive ein uttale på 6 sider, den kan du lesa her (oskommune.no).

Høyringsuttalen blei samrøystes vedtatt, med nokre tillegg som kom frå førstemann på talarstolen, Gustav Bahus (Frp).

– Temaplanen må legga større vekt på miljøproblem, ikkje minst mikroplast. Eg ser det blir laga mange traktoregg, men det ser ikkje ut som om alle blir brukt. Ville dyr kjem og et på høyballane og plasten blir liggande igjen, sa Bahus.

– I tillegg ser vi at det er ei utfordring å halda fram drifta ved generasjonsskifte, blant anna fordi det å få bygga hus nummer to på garden er vanskeleg. Om ikkje dei gamle ønskjer å bli jaga ut av huset sitt for at yngre krefter skal overta, blir det gjerne til at neste generasjon ikkje kjem i gang. Vi som har sete med plan og bygg sidan 90-talet veit at dette var vanleg før, i dag må vi skilja ut eiga tomt for at bustad nummer to kan byggast, og denne prosessen blir for langdryg eller vanskeleg, meiner Bahus.

Frp-politikaren gav seg ikkje der.

– Skogen som no er hogstmoden er på alder med den eg som barneskuleelev var med å planta. Men den gong blei det ikkje laga noko plan om infrastruktur til å ta ut skog. Vi må få med eit punkt i planen som handlar om skogsbilvegar, velteplassar og industrikai.

To andre punkt Bahus ville ha med i høyringsuttalen handla om å gjera det enklare med alternativ drift, som sal av gardsmat, inn på tunet-gard og det å ha jakt og fiske som attåtnæring. Sistnemnde har landbrukskontoret i Hordaland kanskje allereie på tapetet, då styrka lønsemd står øvst av tre hovudsatsingsområde.

Eit siste punkt handla om dyrevelferd.

– Vi bør ha eit eige kapittel om dette når vi ser kva Mattilsynet avslører andre stadar i landet.

Lekven gav ros og korreksjon

Siren Tømmerbakke (Sp) var ugild i saka, men partikollega Harald Lekven tok ordet.

– Det er kjekt at representanten frå Frp har gjort seg tankar om landbruk, sa Lekven, og la til, som for å understreka at han ikkje var sarkastisk, «det var ikkje overraskande, men det var kjekt».

– Bahus hadde mange gode kommentarar, men hadde han følgd litt meir med så hadde han visst at det er fôrmangel i år. Traktoregga blir nok brukt alle saman.

Så gjekk han over på arealbruk i Os.

– Det var kjekt å lesa i Os & Fusaposten om resultat frå Telemarksforsking si undersøking om kva småbarnsforeldre sette pris på ved å bu i Os, at dette var at dei føler dei bur «litt på landet», at det er grøne lunger her, ikkje for tett med hus.

– Bahus har vist i dag at Frp kan jobba for landbruk, og Frp har vist andre stadar i landet at dei kan jobba mot det at fleire tusen dekar blir gjort om frå landbruk til byggeland. Motstanden mot nedbygging av matjord går på tvers av parti. Bygger du på eit areal så kjem aldri dette tilbake, slike avgjerder er ikkje reversible.

Bahus er leiar for plan- og bygningsutvalet. Det har han vore i dei fleste periodane dei siste 20 åra.

Små byggefelt kan gi vesentlege ulemper

– Fortetting har vore eit mantra i Os i mange år, og det går an å forstå. Bygger vi tett éin stad, så blei det større grøne lunger ein annan stad. Men det har mykje å seia kvar bygga kjem.

Lekven heldt fram med å snakka om areal, og kom med gode, praktiske eksempel på kva konsekvensar det får sjølv med små byggefelt på delar av landbruksareal.

– Bonden har følgt oppmodingar frå sentralt hald i mange år, investert for å bli større, for å driva meir lønsamt. Men når jorda blir stykka opp, og ikkje ligg i eit samanhengande stykke lenger, så aukar utgiftene. Det blir meir traktorkøyring på asfalt, noko som slit på dekk og skaper auka dieselforbruk, i tillegg til at tid går med og lønsemd går ned. Bøndene har investesert i dyre driftsbygningar, men får vanskelegare vilkår.

Lekven ville ha inn nokre ord om dette i planen, men var ikkje så optimistisk.

– No har eg stått her på denne talarstolen nokre gongar, men eg kan ikkje hugsa å ha fått gjennomslag, sa Lekven.

Til Midtsiden etter møtet seier han at han synest planen for Hordaland er god, men at han ser det som ei stor utfordring at det i Os ofte ikkje er samanheng mellom teori og praksis.

– Vi har ei rekkje eksempel, både på slike kilar av bustadfelt innimellom gardane. Dette tar med seg meir, folk som flyttar inn i nye hus og ikkje vil ha støy eller møkk rett utanfor døra. Det blir ein evig kamp.

• Les òg: – Vi køyrer ikkje traktor på gøy!

– Eit anna eksempel er buffersona, som skal vera på 20 meter, men ofte berre blir 10 meter. Dette kan vera avgjerande for bonden. Vi har ei sak på Gåssand no i desse dagar. Og så har vi val av skuletomt. Eg forstår at det er lettvint og billig å bygga på dyrka mark, men eg forstår ikkje kvifor posisjonen er så ivrig etter å bygga på Hjelle når det er minst to andre alternativ, og eit av dei allereie scorer betre ifølgje analyse.

– Vi ser òg at det brått er dyrka mark som brått ikkje skal haldast nede lenger. Det ser ut som om planen er at det skal få gro over litt, så folk ikkje reagerer når det blir gjort om til byggeland.

Kan «byta» med Fusa

Før han sette seg var Lekven innom den komande kommunesamanslåinga med Fusa.

– Då vi i Sp gjekk inn for kommunesamanslåing var det fordi vi ser at vi i Os treng meire land, og dei i Fusa treng meir folk, blant anna for å redda nærskulane sine.

– Men det kan ikkje vera sånn at ting skal endra seg frå fireårsperiode til fireårsperiode.

– Vi bør òg ha beredskap i bakhovudet når vi tenkjer landbruk. No er det få igjen av dei som har opplevd krig, men med lite areal til landbruk blir det ikkje mat til mange om vi ein dag skal prøva å forsyna oss sjølv.

Debutant presenterte eige forslag

MDG stilte med 3. vara Knut Børgesen og 5. vara Torgeir Hansen Skjælaaen i møtet tysdag. Skjælaaen, som var i kommunestyret for første gong, tok ordet og presenterte eit forslag frå MDG.

– Vi synest planen bør omtala eit punkt til, at vi bør starta eit arbeid for å redusera importen av kraftfôr og soya, sa Skjælaaen, som leverte klart og tydeleg frå talarstolen i debuten.

Forslaget fekk brei støtte (7 Ap, 1 KrF, 1 TvS, 2 Venstre og 2 MDG), men ikkje brei nok, og falt.

– I forkant blei administrasjonen sitt framlegg samrøystes vedtatt, det same gjorde punkta frå Gustav Bahus (Frp). Er du skuffa over at det ikkje var stemning for også å få med MDG sitt forslag?

– Eg hadde ikkje venta det, men eg er litt skuffa, ja, sa SKjælaaen til Midtsiden i ein pause i møtet.

– Tida er kanskje ikkje moden

Det var ikkje berre Frp og Høyre som stemte imot forslaget frå MDG, men bøndene sjølv. Lekven frå Senterpartiet forklarer kvifor.

– Forslaget kom litt brått på, vi fekk ikkje god tid på oss til å vurdera om vi skulle røysta for det. Eg tar ikkje avstand frå forslaget heller, men eg trur ikkje tida er heilt moden.

– Eg hadde ein prat med Skjælaaen etter møtet. Han frykta at soyaen er genmanipulert, men eg meiner vi har så streng kontroll på import til Noreg at vi kan føla oss trygge på den soyaen vi bruker.

– Vi ønskjer å få ned kraftfôrforbruket, men fleire er avhengige av det, ikkje minst grisebøndene. Det er nok òg ei meir riksdekkande sak, ikkje noko som treng å vera med i ein lokal plan for Hordaland fram til 2022, meiner Lekven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.