Lokal | 07. jan. 2016

Nesten trygg is

Det er ikkje lenge før du trygt kan ferdast på islagte vatn i Os. Vi tok med oss John Lepsøy for å måla isen på tre vatn.

Nesten trygg is
John Lepsøy vil ikkje friskmelda isen på Banktjørna riktig enno (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. jan. 2016 10:53

Bildeserie:

På Banktjørna målte John 8 og 9 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Banktjørna målte John 8 og 9 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Ulvenvatnet målte John 9 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Ulvenvatnet målte John 9 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Lekvenvatnet målte John 10 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Lekvenvatnet målte John 10 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)
1 av 3
På Banktjørna målte John 8 og 9 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Ulvenvatnet målte John 9 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)
På Lekvenvatnet målte John 10 og 10 cm tjukk stålis (foto: AH)

Kulden dei siste dagane er ikkje berre til heft. Søndag byrja isen å legga seg på dei ulike vatna rundt i Os. Torsdag morgon tok vi difor med oss mangeårige frivillig ismålar John Lepsøy til Banktjørna, Ulvenvatnet og Lekvenvatnet for å sjekka tilstanden.

På kvart vatn måte John isen to plassar, inne ved land og midt utpå.

Her er resultata:
Banktjørna - 8 og 9 cm stålis
Ulvenvatnet - 9 og 10 cm stålis
Lekvenvatnet - 10 og 10 cm stålis

– Det er ikkje lenge før vi kan seia at isen er trygg. Eg vil ikkje gjera det riktig enno, men det er ikkje mykje om å gjera, konkluderer John etter rundturen.

Veks 2 cm i døgnet

Den erfarne ismålaren reknar med at det i helga vil vera trygt å bruke dagen på skøyter.

– Slik temperaturen er no så veks den nok med omlag 2 cm i døgnet. Det heiter seg vel at stålisen skal vera 10-12 cm før den er trygg, så til helga er det rimeleg sikkert at den er trygg.

Fin skøyteis

Isveteranen fortel at isen er sjeldan fin.

– Han er blank, fin og glatt sjølv om det nokre stader er litt rugler. Her håpar eg mange barn og unge finn vegen i helga, smiler 82-åringen.

– Pass berre på å halde dykk unna bekkefar inn og ut av vatna. Der er den som oftast tynnare og utrygg. På Ulvenvatnet bør ein òg halde god avstand til brua. Salting og liknande gjer at den ikkje frys like godt der, forklarar han.

Vis isvett

Sjølv om vi har målt isen har du eit eige ansvar for å vurdera om det er trygt. Vis difor isvett!

1. Den mørke, gjennomsiktige stålisen må vera minst 10 cm tjukk
2. Den gråkvite, porøse snøisen må vera minst 20 cm tjukk
3. Sjølv om isen har god bereevne, hald deg vekke frå:

  • Utløp av elver og bekker
  • Trange sund
  • Kloakkutlaup
  • Langs brygger og kaiar
  • Langs strender med vekslande vasstand – spesielt regulerte vatn
  • Strandområder med siv og planter

4. Går du gjennom isen - leit deg fram til der isen er mørkast – der er det ope vatn. For å kom opp bruk det du har for handa av spisse gjenstandar til å hogga tak i isen. Hjelp til med kraftige spark
5. Om andre går gjennom isen - få tak i noko som kan skyvast ut til vedkomande, f.eks. ein staur, busk, ski, stavar eller ein jakke. Ikkje gå oppreist, ak deg fram på magen og skyv gjenstanden framfor deg til den går i vatnet. Er det fleire på isen så lag ei lenkje ved å halda kvarandre i beina og ak fram for å redda den som har gått gjennom.

(Kjelde: Norsk Folkehjelp)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.